Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa forby eller på annan måte rydde opp i bruken av returprovisjonar for turistguidar og dermed sørge for meir rettferdige konkurransevilkår i reiselivet?
Begrunnelse
Det har vore eit problem over lang tid at turistbutikkar inngår samarbeid med guidar og reiseselskap der butikkane betaler provisjon til aktørane for å ta turistane med til visse butikkar og ikkje til andre. Det går ut over aktørar som ikkje er villige til å betale ein slik provisjon, og er til hinder for konkurransen mellom aktørane.
Noverande Konkurransedirektør Tina Søreide har omtala praksisen som skadeleg og noko som bør regulerast, og m a sagt følgande om saka: «Bruken av returprovisjonar fører til at turistar får høgare prisar og avgrensa tilgang til marknadene, medan butikkane opplever urettferdig konkurranse på urettvist grunnlag.» (Firda, 29/3-21 – Søreide var då professor ved NHH og ein av Noregs fremste ekspertar på korrupsjon).
Næringsdepartementet var i gang med å arbeide med problemstillinga i 2019/2020, men la arbeidet på is etter COVID-19-utbrotet for å prioritere akutt krisehandtering overfor reiselivet og andre bransjar i 2020 og 2021. Dåverande Næringsminister Iselin Nybø varsla i skriftleg svar til Stortinget i april 2021 om temaet at ho ville gjenoppta arbeidet med provisjonsproblemet når samfunnet gjenopna for fullt. Det skjedde på nyåret 2022.
Eg vonar difor at noverande Næringsminister har tatt opp stafettpinnen etter regjeringa Solberg, og at det no er på gang konkrete tiltak for å få slutt på denne uheldige praksisen som står i vegen for sunn og rettferdig konkurranse i norsk reiseliv og handelsnæring.