Hadia Tajik (A): Fins det, eller har statsråden vurdert å utvikla, ein metodikk for å rekne ut dei økonomiske konsekvensane av øydeleggingane klimaendringar gjev?
Begrunnelse
Det kan vere krevjande å vurdere klimatiltak opp mot kvarandre. Allereie er regjeringa i gang med eit viktig arbeid for å rekne ut kva utslepp ulike politiske satsingar og tiltak gjev, slik at ein gradvis kan utvikle metodikk og ny politikk for å realisere klimamåla. Det er kjent at klimaendringane har store negative konsekvensar på alle deler av samfunnet. Det kan likevel vere vanskeleg å fullt ut forstå omfanget av konsekvensane, og kostnadene det inneber for folk og natur. Med eit rekneskap for dei økonomiske konsekvensane av klimaendringar, kan ein betre få grep om dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av å setje inn naudsynte tiltak tidsnok - eller for seint.