Erling Sande (Sp): Kva er årsaka til at Follobanen no er stengt, og kva gjer samferdselsministeren for å sikre at Follobanen kan opnast att på ein forsvarleg måte så raskt som mogeleg?
Begrunnelse
Etter opninga av Follobanen 12. desember i fjor har banen stort sett vore stengt for trafikk. Prosjektet til 36,8 milliardar kroner er tenkt å betre situasjonen for dei pendlande inn til Oslo gjennom betre kapasitet og redusert reisetid. Dei siste vekene har det oppstått feil og hendingar på banen, som gjev inntrykk av at det er gjort vesentlege feilvurderingar knytt til løysingane som er valgt for delar av det elektriske anlegget.