Terje Kollbotn (R): Kan statsråden leggje fram ei liste over alle norske vindkraftverk og kva eigarar desse selskapa har – både norske og utanlandske?
Begrunnelse
I regjeringa sin Hurdalsplattform heiter det:
«Regjeringen er opptatt av å sikre norsk eierskap til viktig infrastruktur, eiendom og nasjonal kontroll over naturressursene».
I fylgje stortingsmelding 28 (2029-2020) Vindkraft på land, var andelen utanlandsk eigarskap 58 %. Til Dagens Næringsliv 12.12.22 sa statsråden:
«Jeg vil sikre nasjonal kontroll, en forutsetning for det er å vite hvem som eier Norge».
Med ein aukande andel utanlandske aktørar innan vindkraftindustrien og varsla storsatsing frå regjeringa si side på vindkraft både til lands og til havs i Norge, bør det vere eit minstekrav at regjeringa kan leggje fram ein full oversikt over dagens eigarskap innan vindkraftindustrien.