Olve Grotle (H): Kor mange bedrifter har søkt på ordninga om energitilskuddsordningen for bedrifter, og kor mange har søkt og ikkje fått innfridd tilskot?
Begrunnelse
Høgre har gjennom heile 2022 vore opptatt av straumstøttetiltak for bedrifter. I haust følgde regjeringa etter og etablerte "energitilskuddsordninga for bedrifter", som skulle forvaltast av Enova SF. Energitilskuddsordninga er ei førebels ordning for energi-tilskot til næringslivet som følge av ekstraordinære straumutgifter. Søknadsfrist for ordninga gjekk ut 11. desember, og Høgre er interessert i å få vite kor mange bedrifter som nytta seg av ordninga.