Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:624 (2022-2023)
Innlevert: 05.12.2022
Sendt: 06.12.2022
Besvart: 13.12.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er status for arbeidet med Lov om statens ansatte mv. (statsansatteloven)?

Begrunnelse

I Fri fagbevegelse i februar 2022, sa statssekretær Gunn Karin Gjul at "Det er sånn at vi har sagt at vi er åpne for å diskutere endringer i statsansatteloven. Vi har hatt et lite møte der vi har prata om det Kjersti (Barsok, red.anm.), og vi skal fortsatt ha dialog om det. Slik får vi innspill om hva dere opplever som problematisk. Det er jo et annet arbeidsliv i dag enn da loven ble vedtatt, så vi er innstilt på å ha en dialog på det".

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: I februar 2015 blei det sett ned eit partssamansatt utval, tenestemannslovutvalet, med representantar frå arbeidsgivar og dei fire hovudsamanslutningane. Eit samla utval leverte i desember 2015 eit forslag til ny lov for tilsette i staten. Statstilsettelova frå 2017 byggjer i stor grad på tenestemannslovutvalet sitt framlegg, men det vart frå dåverande regjering også gjort endringar før lova blei fremma for Stortinget.
LO og NTL sendte oss tidlegare i år forslag til ei rekkje endringar i lova. Desse har vi gjort førebelse vurderingar av i departementet og vi har også møtt hovudsamanslutningane og drøfta saka med dei. Vi vart der einige om å ta diskusjonen vidare i januar 2023. For regjeringa er det viktig å jobbe vidare med å finne løysingar der alle hovudsamanslutningane er med, slik ein klarte i det partssamansette utvalet i 2015.
Ein ting regjeringa er særleg oppteken av, og som er eit sentralt punkt i Hurdalsplattforma, er at vi må sjå på kva som kan gjerast for å få ned bruken av mellombelse arbeidsavtalar, også i staten. Særleg gjeld dette universitets- og høgskulesektoren. Dette har vi, saman med Kunnskapsdepartementet, allereie hatt dialog med partane om, og denne dialogen skal vi halde fram med.