Skriftlig spørsmål fra John-Peder Denstad (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:141 (2022-2023)
Innlevert: 17.10.2022
Sendt: 18.10.2022
Besvart: 25.10.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

John-Peder Denstad (R)

Spørsmål

John-Peder Denstad (R): Vil statsråden instruere byråkratene i Bufdir om å avvikle anbudskonkurransen og fase ut bruken av kommersielt barnevern slik at barnevernstjenester kun drives i offentlig og ideell regi, og hvordan mener statsråden dette skal kunne løses raskt når man i årets budsjett ser at det ikke er satt av midler til en slik utfasing?

Begrunnelse

7 av 10 av de mest sårbare barna settes ut på anbud og havner på private barnevernsinstitusjoner. Aftenposten har hatt en rekke avsløringer om de enorme summene som hvert åt går til å kjøpe barnevernstjenester av kommersielle aktører. I løpet av de seks siste årene har det offentlige kjøpt plasser på private institusjoner for nesten 14 milliarder kroner. For hvert år har pengebruken økt: Fra 1,8 milliarder i 2016 til 2,6 milliarder kroner i 2021. Det vil si en økning på 40 prosent på få år.
Regjeringen har vært tydelige på at de ønsker en utfasing av kommersielle aktører i barnevernssektoren og at barnevernstjenester kun skal drives i offentlig og ideell regi.
I Aftenposten (17.10.22) sier statsråden at regjeringen ønsker å overføre driften til statlige aktører innen 2025. I samme sak fremkommer det at byråkratene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) motsetter seg en slik utfasing. Bufdir mener de i stor grad er avhengige av kommersielle aktører de neste årene og at Bufetat ikke kan avvikle bruken av kommersielle aktører før det er bygget opp tilstrekkelig kapasitet i det statlige og ideelle apparatet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er eit mål for denne regjeringa å gradvis fase ut dei store kommersielle frå barnevernsektoren og å avslutte bruken av anbod og konkurranseutsetting. Bufdir fekk allereie i Tildelingsbrevet for 2022 i oppdrag å gjere greie for korleis planlegging og dimensjonering av institusjonstilbodet skal ta hensyn til målsettinga om at statlege institusjonar i større grad enn i dag skal ta hand om barna med dei største utfodringane, og at bruken av ideelle leverandørar aukar og at betre kapasitetsutnytting i statlege institusjonar reduserer behovet for kjøp frå kommersielle leverandørar, herunder enkeltkjøp. I statsbudsjettet for 2022 blei det prioritert 150 mill. kroner til omstilling og styrking av dei statlege institusjonane, og foreslått ei ytterlegare opptrapping i 2023, noko som skal legge til rette for auka bruk av ideelle leverandørar og redusert behov for dei kommersielle aktørane.
Kommersielle aktørar har fått ein stor plass i norsk barnevern dei siste åra, spesielt utgjer dei ein stor del av tilbodet til barna med dei største behova. Dette er ein konsekvens av ein villa politikk for privatisering av barnevernet gjennom konkurranseutsetting og anbod, Difor må vi erkjenne at denne omstillinga som regjeringa vil gjennomføre ikkje kan skje over natta. Vi må sikre eit alternativt og godt tilbod til barn som i dag får tilbod i dei kommersielle institusjonane.
Då må både staten og dei ideelle tilbydarane utvide kapasiteten og omstille innhaldet i tilbodet, slik at avtalar med kommersielle kan reduserast.
Vi er allereie i gang med å bygge opp eit alternativt tilbod til dei kommersielle aktørane, og dei kommersielle sin del av opphalddøgna i institusjon har gått noko ned dei siste åra. Tilsvarande har delen for dei statlege institusjonane gått opp. Det har òg vore ei lita auke i delen ideelle I vår blei det gjennomført ein anskaffingsprosess for ideelle leverandørar. I det nye avtaleverket med ideelle leverandørar er delen plassar med kjøpsgaranti auka frå om lag 60 til om lag 90 prosent. Avtalene er og gjort løpande og langsiktige.
Omstillingane må som nemnt skje gradvis, og det vil av den grunn vere kommersielle innslag i barnevernet òg dei næraste åra, sjølv om vi har signalisert eit klart retningsval for institusjonsbarnevernet. Det skal difor gjennomførast ein anbodskonkurranse fram mot jul, med anskaffing av private plassar. Denne anskaffinga gjeld i hovudsak fleksibel kapasitet utan kjøpsgarantiar. Eg har gitt Bufdir instruksjonar om å prioritere dei ideelle leverandørane òg i denne anskaffinga, der det er mogleg, og jobbe vidare med å få opp delen ideelle.