Lise-May Sæle (H): Vestland fylkeskommune er eit av fylka med størst etterslep og behov for vedlikehald av fylkesvegar. Ein velfungerande infrastruktur er avgjerande for bu- og arbeidsregionar, men aller viktigast at ein skal ferdast trygt langs vegane.
Meiner statsråden det er fornuftig bruk av fellesskapet sine midlar å bruke totalt 838 millionar kroner på oppslitting av fylkeskommunar framfor å satse på fylkesvegar, og korleis vil statsråden følgje opp etterslepet på fylkesvegane?
Begrunnelse
Det vert brukt fleire hundre millionar på oppslitting av fylkeskommunar, medan fylka parallelt og særleg dei som ikkje har valt å splitte seg opp treng løyvingar til viktige område som til dømes fylkesvegar.
"I forslaget til statsbudsjett har regjeringen bevilget 200 millioner kroner til formålet, men fylkene og Ålesund har anslått kostnadene til totalt 838 millioner kroner," (Dagbladet, 12.10.2022).