Lise-May Sæle (H): Elevar må på nokre vidaregåande skular stå fleire veker i kø for å snakke med ein helsesjukepleiar.
Kva gjer statsråden for å betre situasjonen, og kva konkrete grep gjer regjeringa for å følge opp formålsparagrafen samt det kommunale ansvaret i § 3 i forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten?
Begrunnelse
Ei kartlegging frå Vestland fylkeskommune om skulehelsetenesta til vertskommunane viser at det er store variasjonar mellom ulike kommunar i kva psykisk helsetilbod dei vidaregåande elevane får. Ein styrka kommuneøkonomi er avgjerande for at det psykiske helsetilbodet blir betre.