Erling Sande (Sp): Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med bompengeselskapet Vegamot funne at det er grunnlag for lågare bompengesatsar på Nordøyvegen enn det er lagt opp til i Prop. 93 S (2021-2022). Fylkeskommunen har garantiansvar for prosjektet, ei slik løysing er derfor provenynøytralt for staten.
Kan fylkeskommunen og bompengeselskapet bli samde om ei slik løsning, og kva justeringar av regelverket må eventuelt gjennomførast for at ein reduksjon av takstane på Nordøyvegen skal være mulig?
Begrunnelse
Nordøyvegen er eit ferjeavløysingsprosjekt som består av tre undersjøiske tunnelar, en landtunnel og tre bruer som gjev fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya.