Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2928 (2021-2022)
Innlevert: 18.09.2022
Sendt: 19.09.2022
Besvart: 23.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Kan det fremmes innsigelse på et kommunalt vedtak, som er innenfor gjeldene kommuneplan, på grunnlag av en regionalplan som er vedtatt på et senere tidspunkt enn kommunens egen kommuneplan?

Begrunnelse

Kommuneplanen skal være en langtidsplan og et handlingsprogram for kommunens arealer og videre utvikling i kommunen.
En regionalplan skal være et støttedokument i kommunenes arbeid med blant annet arealplaner. Mange kommuner opplever å få innsigelse på vedtak gjort på bakgrunn av egen vedtatte kommuneplan, og disse innsigelser gjøres på bakgrunn av en regionalplan som er vedtatt på et senere tidspunkt enn gjeldene kommuneplan.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Etter plan- og bygningslovas § 7-1 skal regional planstyresmakt utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med mellom anna kommunane. Planstrategien skal gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsmogelegheiter og ta stilling til langsiktige utviklingsmål og kva for spørsmål som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging. Det skal vidare utarbeidast regionale planar for dei spørsmål som er fastsett i den regionale planstrategien. Regionale planar skal utarbeidast i samarbeid med aktuelle myndigheiter og organisasjonar. Det fylgjer vidare av plan- og bygningslova § 8-3 at «statlige organer og kommuner har rett og plikt til å delta i planleggingen når den berører deres virkeområde eller egne planer og vedtak.» Viss kommunane er ueinige i mål og retningsliner i forslag til regionale planar, kan dei krevje at planen vert brakt inn for Kommunal- og distriktsdepartementet, som kan gjere endringar som finst påkravd. Etter at planen er vedteken, har fylkeskommunen ansvar for å avklare om innvendingar står ved lag og eventuelt sende planen vidare til departementet.
Regionale planar er retningsgivande for kommunal planlegging. Dette inneber at dei skal leggjast til grunn ved utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar, jf. plan- og bygningslova § 8-2. Regionale planar som er utarbeidde for å ivareta nasjonale og vesentlege regionale interesser, kan gje grunnlag for motsegn til kommunale arealplanar.
Oppdaterte kommuneplanar er viktige for å skape ein føreseieleg situasjon for grunneigarar, utbyggjarar, og kommunen sine innbyggjarar. Viss arealbruk og utbyggingsmønster i gjeldande kommuneplanar avvik frå nyare regionale planar, bør kommunen vurdere å revidere planane. Forslag til reguleringsplanar som er i tråd med kommuneplanens arealdel, men i strid med nyare regionale planar, kan gje grunnlag for motsegn frå regionale og statlege organ. Som det framkjem ovanfor ligg det eit stort lovfesta ansvar på regionale planstyresmakter i å sikre gode prosessar mot kommunane og andre berørte i arbeidet med regionale planar. Det er vidare viktig at kommunane sørger for å gjere seg godt kjent med igangsette planprosessar og nytte dei høve dei har til å ivareta sine interesser i det regionale planarbeidet.