Kirsti Bergstø (SV): Regjeringa har i si eiga plattform lova at reinhaldet i forsvarssektoren skal takast inn att i regi av Forsvaret. I Klassekampen 6. september kunne vi imildertid lese at reinhaldarane på Rygge Flystasjon må skifte arbeidsgjevar fordi kontrakta endå ei gong vart lagt på anbod.
Når vil regjeringa iverksetje eigen politikk, innkontraktere reinhaldet og gje oppdraget til Forsvarsbygg eller annan underliggande etat?
Begrunnelse
I Hurdalsplattforma erklærer regjeringa at dei vil «sørgje for at reinhaldet i heile forsvarssektoren igjen blir organisert i Forsvarets eigen regi». Regjeringa har uttrykt at innkontrakteringa skal skje i løpet av 2023, men i vår vart det igangsatt ny anbodsrunde for toårige kontrakter.
På Rygge militære flystasjon, og resten av forsvarets anlegg i Østfold vant selskapet Toma anbodet og reinhaldsarbeidarane må nok ei gong skifte arbeidsgjevar. Dei uttrykkjer at dei føler seg som kasteballar og er usikre på om alle beheld jobben.