Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2435 (2021-2022)
Innlevert: 22.06.2022
Sendt: 23.06.2022
Besvart: 30.06.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan samferdsleministeren forsikra at dei samferdsleprosjekta i Sogn og Fjordane som er komen med i NTPen Stortinget behandla i juni 2021 blir realisert, og med oppstart i første del av NTPen?

Begrunnelse

I NTPen som blei behandla av Stortinget juni 2021, kom det inn fleire samferdsleprosjekt i Sogn og Fjordane med oppstart i første del av NTPen. Dette gjaldt m.a. Stad skipstunnel, E16 Hylland-Sleen, E39 Storehaug-Førde, Rv 5 Erdal-Naustdal og Rv 15 ny Strynefjells-tunnel. I ein artikkel i VG av 22. juni går det fram at regjeringa ikkje vil garantere oppstart av dei samferdsleprosjekta som ligg inne i NTPen, men at det tvert om skal gjerast nye vurderingar fram mot ny NTP som skal behandlast av Stortinget i 2024. Regjeringa skapar med dette uvisse kring framdrifta til viktig prosjekt i Sogn og Fjordane, noko som er svært uheldig både for folk flest og næringslivet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) er det lagt til grunn at ressursbruk i det einskilde budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet. Det heiter òg at endringar i det budsjettmessige handlingsrommet framover vil kunne påverke korleis ein fasar inn og gjennomfører planen.

At eit prosjekt er prioritert i fyrste seksårsperiode i NTP er ikkje ein garanti for gjennomføring. Regjeringa legg fram forslag til finansiering av dei høgast prioriterte prosjekta i dei årlege budsjetta.

Som omtalt i revidert nasjonalbudsjett, er norsk økonomi inne i en høgkonjunktur, trass urolege omstende. Den økonomiske veksten er sterk, sysselsetjinga er høg og arbeidsløysa er låg. Bedriftene melder om aukande mangel på arbeidskraft, og lønns- og prisveksten stig. I ein situasjon med høg aktivitet i økonomien og mangel på tilgjengelege ressursar, vil auka offentleg pengebruk forsterke presset på prisar og lønningar.

Eg har difor sagt at me må sjå på prioriteringane våre på nytt, òg innanfor samferdslesektoren. Det er viktig å bidra til å skape tryggleik i ei uroleg tid og det må skje gjennom ansvarlege prioriteringar. For å leggje til rette for riktige prioriteringar i åra framover og styrke NTP som eit truverdig styringsinstrument, vil regjeringa fremje ein ny transportplan allereie våren 2024. Dagens NTP er ikkje realistisk gitt utfordringane Noreg står ovanfor. Transportplanen må vere oppdatert og tilpassa landet sitt framtidige transportbehov i tillegg til at dei økonomiske rammene er moglege å følgje opp. Sjølv om veksten i løyvingane ikkje ligg an til å bli like høge som tidlegare, og fleire prosjekt som ligg inne i NTP må sjåast på igjen, vil nivået på løyvingane framleis vere historisk høge.

Stortinget har òg bedt om ein gjennomgang av vegporteføljen i NTP og vegnormalane fram mot statsbudsjettet for 2023. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med denne gjennomgangen. Prop. 1 S (2022- 2023) vil innehalde regjeringa sitt forslag til ressursbruk i samferdslesektoren i 2023. For Statens vegvesen vil budsjettforslaget vise kva for prioriteringar regjeringa gjer når det gjeld anleggsstart, førebuing for anleggsstart og vidare planlegging av store prosjekt.

Me vil altså vurdere både prosjekt i Sogn og Fjordane og i resten av Noreg i den varsla gjennomgangen og fram mot ny NTP.