Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2362 (2021-2022)
Innlevert: 16.06.2022
Sendt: 16.06.2022
Besvart: 23.06.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Det er uttrykt bekymring for leppefiskreguleringa for 2022. Dette gjeld både prosessen fram mot vedtak, behovet for regulering, og måten dette er gjort på som blir hevda å ha motsett effekt av det som er tenkt.
Meiner fiskeri- og havministeren at reguleringa er i samsvar med regelverket, og at den vil fungere tilfredsstillande. I lys av dei bekymringane som er kome; vil ministeren vurdere å be om at reguleringa blir uttsett til neste år for å få avklart spørsmåla nærmare?

Begrunnelse

Spørsmålet gjeld leppefiskreguleringa for 2022.
Frå fiskerihald i Kinn kommune er det uttrykt bekymring for fleire sider av denne.
For det første blir det hevda at prosessen fram mot leppefisk-reguleringa har vore mangelfull, både når det gjeld høyring og måten den blir presentert på like før fangstperioden.
For det andre blir det gjort gjeldande at bestanden ikkje er i så dårleg stand at det er nødvendig å redusere fangstane så mykje som det her er lagt opp til. Tvert om har Havforskningsinstituttet sagt at leppefisket er i god stand etter lukking av fisket.
For det tredje blir det gjort gjeldande at måten reguleringa skal skje på er svært uheldig,. Auka minstemål til 22 cm og maks mål på 28 cm for berggylte, vil i praksis kunne føre til motsett resultat enn ønska. Dette fordi fisk under 22 cm og over 28 cm, vil bli fangsta gjentatte ganger, dag etter dag av ulike fiskarar som fiskar over området, og kasta tilbake i sjøen. Dette vil føre til at den vil den få skade i form av skjelltap og andre skader, som igjen vil resultere i sjukdom og død. Skulle det vere nødvendig å avgrense fisket, er det derfor betre å avgrense tal berggylte pr. kvote, i staden for å ordninga som det nå er lagt opp til.
Leppefisk er eit viktig fiskeri for mange fiskarar. Det er vidare ein viktig inngang til fiske for ungdommen og yngre fiskarar generelt. Det er ein rimeleg måte og kome seg inn i fiskeriet, og ein fin måte å lære å handterer både utstyr, båt og fisk generelt.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Først må eg få takke for spørsmålet, som gir meg ei anledning til å korrigere påstander som ikkje kan sjå at det er dekning for. Det blir i grunngivinga for spørsmålet hevda at regulering av fiske etter leppefisk har vore mangelfull når det gjeld prosess fram til fastsetting av reguleringsforskrift. Det stemmer ikkje. Framstillinga av Havforskningsinstituttet si tilnærming er heller ikkje korrekt. Til det som gjeld prosess så vil eg svara at regulering av fisket etter leppefisk i 2022 vart behandla som sak 13/2021 i reguleringsmøtet1 i Bergen 9.-10. november 2021, saman med resten av årlege fiskerireguleringane. Regulering av fisket etter leppefisk i 2022 er i all hovudsak ei vidareføring av regulering av fisket etter leppefisk i 2021. I saksframlegget til reguleringsmøtet blei det sett fram ein gjennomgang av; fisket i 2021, kvotar i 2021, deltakarregulering, status i fisket i 2021, bestandssituasjonen og regulering av deltakinga i 2022. På denne bakgrunnen kjem Fiskeridirektoratet med eit forslag til regulering av uttak og utøving av fisket etter leppefisk i 2022. Forslaget inneheld ei vurdering og grunngiving for fastsetjing av totalkvoten, kvotar på fartøynivå, om reguleringa av kvote etter art, spørsmål om refordeling av ufiska kvote og refordelingsdato, fiskeperiode, reiskapet i fisket etter leppefisk, mellomlagringsmerd, posisjons- og fangstrapportering, ungdomsfiske, rømmingshull og fiske etter stamfisk av berggylt. Regulering av fisket etter leppefisk i 2022 er fastsett etter normal prosedyre for forarbeid av årleg fiskeriforskrift og prosess fram mot vedtak av endeleg forskrift. Etter skjønnet mitt eit grundig saksframlegg av ei regulering, på lik linje med prosessen for vedtaking av dei andre fiskerireguleringane våre. Men det verkar for meg som at kjernen i dette skriftlege spørsmålet er bekymring omkring dei tekniske endringane i forskrifta som blir innført for å vareta bestanden av leppefiskarten beggylt, og i mindre grad prosessen fram mot vedtak av sjølve reguleringa. Eg vil derfor kommentera denne endringa særskilt. Det er innført ei endring av minstemål på berggylt frå 14 cm til 22 cm, og det er innført eit maksimalmål på 28 cm. Bakgrunnen for dette er at Havforskingsinstituttet (HI) over fleire år har uttrykt bekymring for uttaket av berggylt, med ei klar oppmoding om at risikoen for at berggylten overfiskast, bør reduserast. Berggylten er den av leppefiskartene som er mest sårbar for høg beskatning på grunn av den kompliserte reproduksjonen sin og livshistoria. Dette er HI si vitskaplege vurdering. HI si vitskaplege vurdering har vorte møtt med motargument som at fangstane av berggylt har vore stabile dei siste åra og at fiskarane opplever at fangst av berggylt ikkje har gått ned. Det blir derfor stilt spørsmål til korleis ei endring i maks- og minstemål eller andre fangstbegrensande tiltak for berggylt kan forsvarast. For meg er dette å snu opp ned på det viktige forvaltningsprinsippet som følgjer av havressurslova om å ha ei føre-var-tilnærming til forvaltninga av marine ressursar. Fangststatistikkar kan ikkje gi ein fasit på ein bestandssituasjon. HI har i 2021 registrert ein nedgang i fangst per eining innsats hos referansefiskarar i alle tre fangstområde for leppefisk. Data frå fiske med ruser og garn på Vestlandet dannar eit tydeleg bilde av at bestandane no er på eit lågare nivå i denne regionen enn før 2017, då uttaket av leppefisk var på sitt høgaste. Havforskingsinstituttet fastslår at det er sannsynleg at dette skyldast eit høgt fiskepress, noko som blir understøtta av data frå i og utanfor verneområde i Austevoll, der førekomsten av berggylt har auka i verneområdet, men ikkje utanfor. Det høyrer òg med til historia at det hausten 2019 vart vedteke å innføre krav om sirkelforma inngang på 60 mm for teiner og ruser med verknad frå og med 2021-sesongen. Omsynet bak reiskapsendringa var å unngå fangst av stor berggylt og hummar og redusera annan bifangst. Frå næringa si side har det vore motstand mot innføring av 60 mm inngangsopning i teinar og ruser. Det er argumentert med at fangstreduksjonen vil bli alvorleg for fiskarane og kjøparane, som ønsker stor berggylt. Vidare har næringa meint at det vil vera store kostnader ved å redusera inngangen i eksisterande reiskap eller kjøpa nytt, og det vart òg stilt spørsmål om leverandørane av teiner ville klare å møte etterspurnaden forut for sesongen i 2022.
Havforskingsinstituttet har i kunnskapsgrunnlaget si for 2022 vurdert at eit minstemål på berggylt på 22 cm saman med eit maksimalmål på 28 cm er eit likeverdig alternativ til å redusera inngangsopninga i teinar og ruser til 60 mm. På bakgrunn av dette rådet frå HI, stor motstand frå næringa mot innføring av sirkelforma inngang på 60 mm i teinar og ruser, og dessutan at tilbakemeldinga til næringa om at eit minstemål på 22 cm og maksimalmål på 28 cm vil vera mindre inngripande mot fiskarane, vart det etter reguleringsmøtet hausten 2021 vedtatt at kravet til 60 mm inngangsopningar i teiner og ruser ikkje skulle setjast i verk. Og som erstatning for dette reguleringstiltaket vart det fastsett auka minstemål på 22 cm og maksimalmål på 28 cm, for å verne bestanden av berggylt i større grad enn det som har vorte gjort.