Skriftlig spørsmål fra Sofie Marhaug (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2356 (2021-2022)
Innlevert: 15.06.2022
Sendt: 15.06.2022
Besvart: 23.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Sofie Marhaug (R)

Spørsmål

Sofie Marhaug (R): Hvor langt har Bufdir kommet i prosessen med inngåelse av nye rammeavtaleplasser med private barnevernsaktører, har avtaler blitt inngått og med evt. hvilke ideelle og kommersielle tilbydere?

Begrunnelse

Bufdir har ved tidligere anledning opplyst at staten har seks rammeavtaleplasser med kommersielle selskaper som utløper 31.03.2022 og 116 plasser som utløper 31.07.2022.
Viser til Dokument nr. 15:706 (2021-2022) der statsråden i skriftlig svar til representant Mímir Kristjánsson har svart følgende (besvart 04.01.22):

«Bufdir er no i formell dialog med ideelle aktørar som allereie har eit etablert tenestetilbod på institusjonsområdet, med mål om å etablere nye, langsiktige og løpande avtalar om institusjonstenester når dagens avtalar i all hovudsak vert avslutta til våren. Det blir lagt opp til at desse avtalane vil vere tidsubestemte, med gjensidig høve til oppseiing. Bufdir er og i gong med formell dialog med ideelle aktørar om oppbygging og etablering av ny kapasitet. (…) Bufdir vil i etterkant av desse avklaringane med ideelle aktørar gå i formell dialog med kommersielle aktørar om eventuelle behov for tenester også frå desse. (…) Forhandlingane med kommersielle aktørar om desse avtalene er ikkje starta og det er ikkje tatt endeleg stilling til kor lang avtaletida blir».

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I tilleggsproposisjonen og budsjettforliket for inneverande år har vi prioritert 150 millionar kroner til omstilling og styrking av dei statlege institusjonane. Midlane skal òg leggje til rette for auka bruk av ideelle leverandørar og redusert behov for dei kommersielle aktørane. Det er eit mål for denne regjeringa å gradvis fase ut kommersialiseringa i sektoren, særleg den som er knytt til store kommersielle aktørar med konsernliknande strukturar, ofte med utanlandsk eigarskap. Bufdir har blitt gitt føringar knytt til dette. Eg vil òg presisera at regjeringa er tydeleg på at endringane ikkje skal gå ut over tilbodet til barna.
Bufdir er no i sluttfasen av forhandlingane med dei ideelle leverandørane av institusjonsplassar. Per 16. juni var det inngått 18 avtalar med 13 ideelle leverandørar av til saman 199 plassar. Det skjer framleis forhandlingar om ytterlegare nokon ideelle plassar.
Det er inngått 18 avtalar med 13 ideelle leverandørar, mot 11 avtalar med 10 leverandørar i det tidlegare avtaleverket. Tal på ideelle plassar er auka frå 193 per mars 2022 til førebels 199, og med sannsynlegheit for ytterlegare 8-10 plassar. Andelen plassar med kjøpsgaranti er auka frå om lag 75 prosent til om lag 89 prosent. Avtalane er løpande og tidsubestemte, og gjeld fram til ein av partane seier opp. Krava til kvalitet i innhaldet i det dei ideelle tilbyr, er auka. Eg vil og gjere merksam på at talet på plassar i nye avtalar må sjåast i lys av at behovet for institusjonsplassar er redusert dei siste åra, slik at andelen ideelle plassar slik har auka monaleg.
Det er inngått avtalar med følgande leverandørar per 16. juni 2022:

1. Betania Alta
2. Stiftelsen Crux (inkluderer også avtale med Stiftelsen Crux Rostad)
3. Cura Kompetanse AS
4. Stifelsen Fagertun Norsk Folkehjelp
5. Frelsesarmeen Barne- og familievern
6. Haraldsplass Barnevern / Haraldsplass diakonale stiftelse
7. Ideell Omsorg AS
8. Josephine Stiftelse
9. Klokkergårdsstiftelsen
10. Oslo Sanitetsforening Brusetkollen AS
11. RUFS (Rena Ungdoms- Og Familiesenter AS)
12. Stiftelsen Fossumkollektivet (inkluderer også avtale med Fossum Ung)
13. Stiftinga Voss Barneheim

Bufdir vil fortsette dialogen med ideell sektor om behov og potensial for ytterlegare oppskalering og nyetablering av tenestetilbodet på institusjonsområdet, med utgangspunkt i dei faglege og økonomiske rammevilkåra for tenestene.
Direktoratet er òg i gong med planlegginga av anskaffing av ytterlegare plassar, primært fleksibel kapasitet som i dag i hovudsak vert levert av kommersielle leverandørar. Dei vil i denne prosessen prioritere ideelle framføre kommersielle, og prioritere kommersielle utan konsernstruktur framføre andre kommersielle leverandørar – gitt at tilboda elles er likeverdige. Dette er i tråd med dei føringane eg har gitt. Bufdir har som mål å inngå avtalar om ytterlegare plassar, hovudsakeleg om fleksibel kapasitet, innan utgangen av 2022.