Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1972 (2021-2022)
Innlevert: 03.05.2022
Sendt: 04.05.2022
Besvart: 20.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Ser statsråden det som sannsynlig at man kan velge nye kommunestyrer i Flora og Vågsøy i 2023 dersom utredningen og lokaldemokratiet konkluderer med oppsplitting av Kinn kommune?

Begrunnelse

Statsråden meldte før påske at statsforvalteren i Vestland skulle få oppdraget med å utrede en eventuell oppsplitting av det som har blitt kalt Norges rareste kommune, Kinn. Tidsaspektet i denne utredningen er kritisk med hensyn til det kommende lokalvalget.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Statsforvaltaren i Vestland fekk 16. mai oppdrag om å greie ut deling av Kinn kommune, i tråd med søknaden frå kommunestyret i Kinn. Eg har og sendt brev til Kinn kommune om saka. Statsforvaltaren har fått frist til 5. august 2022 med å ferdigstille og oversende til Kinn kommune eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av ei deling av kommunen.
Det går fram av breva at dersom Kinn kommune ønskjer at ei eventuell deling skal kunne bli vedtatt i tide til at dei to nye kommunane kan tre i kraft frå 1. januar 2024, må kommunestyret handsame delingsspørsmålet seinast 1. september 2022. Dersom kommunestyret ønskjer meir tid til å handsame saka, vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre ei eventuell deling frå 1. januar 2024.
For å få til ei eventuell deling frå 1. januar 2024, er det naudsynt at Kinn kommune blir delt etter kommunegrensene til dei tidlegare kommunane Flora og Vågsøy. I tillegg er det naudsynt at kommunestyret treffer vedtak om namn på dei nye kommunane samtidig som det tek stilling til delinga. Dette av omsyn til dei tekniske førebuingane som må vere på plass fram mot vaiet hausten 2023.