Frank Edvard Sve (FrP): Kva har samferdselsministeren tenkt å gjere for å hjelpe transportnæringa med bakgrunn i dei ekstremt høge kostnadsaukane denne næringa har fått pga. skyhøge drivstoffprisar, skattar og avgifter, og kva vil statsråden gjere med den høge konkurransen frå utanlandske transportselskap som transportnæringa her i landet ikkje har muligheita til å møte, med bakgrunn i at dei har heilt andre kostnadsgrunnlag i sin drift?
Begrunnelse
Transportnæringa er ei stor og viktig næring i Norge. Konkurransen frå utanlandske transportselskap er formidabel med dei store problema dette også medfører for transporten her i landet ang sikkerheit på norske vegar. Spesielt er dette gjeldande på vinterstid, der utanlandske vogntog ikkje er skodd for ein barsk Norsk vinter.
Drivstoffprisane har gått til himmels og er no over 20 kr literen også for diesel i mange stadar i landet. Dette rammar transportnæringa hardt og det er ikkje automatikk i at denne næringa berre kan sende desse gedigne ekstrakostnadane vidare til sine kundar. Det er også langtidskontrakter som lagar store problem for mange transportselskap. Utanlandske vogntog tek også med seg store mengder drivstoff inn i landet, som også konkurrerar ut Norske selskap.