Skriftlig spørsmål fra Audun Hammer Hovda (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1226 (2021-2022)
Innlevert: 10.02.2022
Sendt: 11.02.2022
Besvart: 18.02.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Audun Hammer Hovda (SV)

Spørsmål

Audun Hammer Hovda (SV): Vil statsråden sørge for at ektefellen til noen som føder barn skal automatisk registreres som forelder, uavhengig av kjønn og donor?

Begrunnelse

Fra 1. januar 2022 innførte Sverige en mater est-regel ved fødsel, og har med det en kjønnsnøytral lov hva gjelder automatisk foreldrerett. Over hele Norge finnes det flere familier der noen av foreldrene ikke er anerkjent av staten. Det har de siste årene dukket opp flere saker hvor medmødre som ikke har råd til privat behandling, eller ikke kan eller ønsker å vente lenge i et allerede presset offentlig tilbud, har endt opp med å ikke ha noen juridisk tilknytning til barnet, til tross for å være gift med den fødende. Hvis en pater est-regel gir mening i Norge i dag så er det alle grunner for at en mater est-regel skal gi minst like mye mening.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa er opptatt av å sikre stabile rammer rundt barn sine liv. Barnets beste er eit grunnleggjande prinsipp som skal sikre at interessene til barn blir lagt vekt på i spørsmål som gjeld dei. Barnekonvensjonen forpliktar oss mellom anna til å leggje til rette for at alle barn skal få kjenne opphavet sitt så langt det lèt seg gjere.
Barnelova regulerer kven som er foreldre til eit barn. Den kvinnelege ektefellen til mora blir medmor til barnet dersom barnet kom til ved bruk av assistert befruktning ved godkjent klinikk i Noreg eller utlandet. Det er òg vilkår om at den kvinnelege ektefellen til mora skal ha samtykka til befruktninga og at identiteten til sæddonoren er kjend. Dersom det er nytta ein annan framgangsmåte for å få barn, kan den sosiale forelderen få juridisk tilknyting til barnet gjennom stebarnsadopsjon.
Det er viktig at barn har to juridiske foreldre, og at barnelova og adopsjonslova sikrar gode prosessar for etablering av foreldreskap til barn. Eg meiner at desse lovene i dag tar omsyn til ulike konstellasjonar av barn og foreldre, og mangfaldet i dei ulike familiane.
I dag er det ikkje særskilde reglar for å fastsetje farskap for barn som kjem til ved assistert befruktning: farskap blir fastsett ved pater est-regelen, eller ved erklæring dersom foreldra er sambuarar. Medmorskap blir fastsett etter søknad. Eg er kjent med at søknadsprosessen kan opplevast som unødig byråkratisk. I NOU 2020: 14 Ny barnelov ønskjer barnelovutvalet å likestille foreldre av likt og ulikt kjønn, og føreslår at både farskap og medmorskap skal fastsetjast på same måte i tilfelle der det er nytta assistert befruktning. I desse tilfella føreslår utvalet at farskap og medmorskap skal bli fastsett med grunnlag i samtykke til assistert befruktning, utan at foreldra skal måtte søke om medmorskap.
Eg er kjent med at det i år er sett i verk nye reglar med ein kjønnsnøytral presumsjon om foreldreskap i Sverige. Etter lovendringa vil ein lik regel gjelde både for par av same kjønn og par av ulike kjønn, slik at dersom mora ved fødselen til barnet er gift eller registrert partner til ei kvinne, skal kvinna automatisk bli rekna som forelder til barnet. Det same gjeld farskap eller morskap for ektepar der ein eller begge ektefellar har skifta kjønn.
Barnelovutvalet har ikkje foreslått ein tilsvarande regel. Merknadene frå høyringsinstansane om regelverket for fastsetjing av foreldreskap, syner at dette er eit område med stor usemje.
Regjeringa har ikkje tatt stilling til eventuelle nye reglar på dette området i Norge, men arbeider no med å følgje opp NOU 2020: 14 Ny barnelov og forslaga om etablering av foreldreskap og vil når dette arbeidet er ferdig leggje fram forslag til ny barnelov for Stortinget. Eg vil i dette arbeidet følgje med på erfaringane dei gjer seg med dei nye lovreglane på dette området i Sverige.