Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1196 (2021-2022)
Innlevert: 09.02.2022
Sendt: 09.02.2022
Besvart: 14.02.2022 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er kommunal- og regionalministeren enig med finansministeren i at det ikkje var fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane for å opprette Vestland fylke?

Begrunnelse

I NRK Politisk kvarter 9. februar framhevar finansministeren at det i fleire samanslåtte fylke ikkje var fleirtal i dei gamle fylkestinga for å opprette nye fylke. Han ramsar då opp fylkestinga i Buskerud, Akershus, Østfold, Troms, Finnmark, Hedmark og Oppland som fylkesting som ikkje ønskte dei nye fylka som no er oppretta, og seier vidare følgande: «Det var et ønske om dette bare to steder: I Trøndelag og i Agder».
Nye Vestland fylke, er så langt eg kjenner til, oppretta ut frå vedtak i fylkestinga i tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland fylke, og det er heller ikkje tatt noko initiativ frå Vestland fylkesting om å splitte opp att det nye fylket og vende nasen attende til gamle dagar.
Etter finansministerens historieforteljing i NRK, skaper han no ny tvil om korvidt Vestland er ei legitim fylkessamanslåing sett frå regjeringa si side, sidan han seier at det berre er to nye fylke som er oppretta i tråd med vedtak i fylkestinga i dei gamle fylka: Agder og Trøndelag.
Det vil difor vere ei viktig avklaring om Kommunal- og distriktsministeren som konstitusjonelt ansvarleg for dette feltet, kan stadfeste at regjeringa ikkje ser på Vestland fylke som eit tvangssamanslått fylke, men eit fylke som er oppretta av Stortinget i tråd med vedtak i dei gamle fylkestinga på same måte som Agder og Trøndelag.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Regjeringen vil legge til rette for at tvangssammenslåtte fylkeskommuner som ønsker det, skal kunne deles. Jeg har informert om rammene for deling i brev til de tvangssammenslåtte fylkeskommunene 12. november 2021. Med "tvangssammenslåtte" forstås fylkeskommuner som Stortinget i 2017 vedtok å slå sammen, til tross for at ett eller flere av de involverte fylkestingene hadde fattet vedtak om at de ikke ønsket sammenslåing. Det er fire fylkeskommuner som i denne sammenhengen er definerert som «tvangssammenslått»: Troms og Finnmark, Innlandet, Viken og Vestfold og Telemark.