Skriftlig spørsmål fra Grete Wold (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1113 (2021-2022)
Innlevert: 01.02.2022
Sendt: 02.02.2022
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 08.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Grete Wold (SV)

Spørsmål

Grete Wold (SV): Hva gjør regjeringen for å sikre at asylsøkere med permanent oppholdstillatelse og store bistandsbehov gis sosial trygghet, sikres likeverd og likestilling og får mulighet til å leve og bo selvstendig og til å ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i fellesskap med andre?

Begrunnelse

Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) skriver om en mann med utviklingshemning som har store helseutfordringer. Mannen har bodd i Norge i over 17 år og har permanent oppholdstillatelse. Det har ikke lyktes å finne kommuner som vil ha mannen bosatt, så Utlendingsdirektoratet (UDI) har fortsatt ansvar for mannen. Mannens botilbud samt helse- og omsorgstjenester, legges jevnlig ut på anbud. Nå skal mannen igjen flyttes til et annet omsorgsfirma i en annen del av landet, til nye og ukjente tjenesteytere i et nytt og ukjent miljø.
I følge NFU, har UDI inngått avtale med et større privat omsorgsfirma hvor alle ikke bosatte med utviklingshemning skal bo og motta tjenester.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Spørsmål om personar i mottak gjeld fleire departement. Justis- og beredskapsdepartementet har overordna ansvar for innkvartering av asylsøkarar og personar med opphaldsløyve som ikkje er busett i ein kommune. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har overordna ansvar for busetting og integrering i samråd med kommunesektoren.
Justis- og beredskapsdepartementet visar til at UDI har ansvaret for å tilby innkvartering til både asylsøkarar og personar med opphaldsløyve som ikkje er busett i ein kommune. Innkvarteringstilbodet skal også omfatte naudsynte omsorgstenester til personar over 18 år som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, jf. GI 13/2017.
På grunn av utløp av kontraktsperioden på eksisterande buløysingar for personar med omfattande pleie- og omsorgsbehov, var UDI nøydd til å sette i gang en offentleg anskaffingsprosess. Dette arbeidet resulterte i at UDI 1. januar 2022 opna to særskilte asylmottak som skal ivareta omsorgsbehovet for svært pleietrengande mottaksbebuarar, såkalla Særskilt pleie- og omsorgsløysningar (Særpleie). Desse er lokalisert i Østre Toten og Senja kommune. Dei nye kontraktane har inntil ti års varigheit. UDI har informert om at ordninga med å tilby plasser på Særpleie vil gi bebuarane med særskilte behov ein tettare og meir kontinuerleg oppfølging enn dei tiltaka som har vorte tilbydt dei seinare åra.
UDI er opptatt av at flyttinga skal bli gjennomført på ein måte som tar hand om bebuaranes interesser, liv og helse.
Regjeringa vil at flyktningar med opphaldsløyve skal bli busett og integrert raskt. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som har det statlege ansvaret for busetjing av flyktningar. Det er frivillig for kommunane å busette flyktningar. Det kan ofte ta lang tid før IMDi finn ein kommune som har relevant kompetanse og tenestetilbod, og som er villig til å busette personar med store og vedvarande omsorgsbehov. Dei som ventar lengst, er personar som bur i UDI sine særskilte butilbod. Dette er ikkje slik me ynskjer det skal vere.
Når kommunar seier nei til busetjing av personar med store helseutfordringar, er ofte økonomi framheldt som hovudårsak. IMDi har økonomiske støtteordningar til kommunar som busett flyktningar. For dei med alvorleg nedsett funksjonsevne og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot opp til 1 520 000 kroner per år, inntil fem år, i tillegg til integreringstilskotet. Kommunane kan i tillegg søke Helsedirektoratet om tilskot for særleg ressurskrevande helse- og omsorgstenester til enkelmottakere. For enkelte personar viser kommunane til at dei vil utløyse ekstraordinære kostnader utover femårsperioden som dekkes av IMDis tilskotsordningar.
For å få til raskare busetjing av personar med særlege behov har regjeringa utvida perioden kommunane kan søke om ekstratilskot frå fem til ti år for personar som blir busett frå UDis særskilte butilbod. Eg håpar dette vil bidra til at fleire som har venta lenge på busetting blir tildelt ein kommune, slik at dei får ein varig heim og stad å bu.