Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1053 (2021-2022)
Innlevert: 27.01.2022
Sendt: 27.01.2022
Besvart: 04.02.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil Regjeringa ta initiativ til snarast råd å endre Fiskeeksportlova slik at tang og tare blir definert som sjømat, og at produkt laga av tang og tare dermed mellom anna kan promoterast av Sjømatrådet internasjonalt?

Begrunnelse

Noreg har svært gode naturgitte føresetnader for vekst og dyrking av tang og tare, og dyrking av tang og tare har potensiale av å bli ei av dei store næringane innanfor havbruk i Noreg i framtida. Det er også ei form for havbruk med små miljøavtrykk, og ein enormt stor global marknad.
Ein flaskehals for næringa i dag, er at tang og tare utruleg nok ikkje er definert som sjømat i lovverket, og dermed ikkje kan få marknadsføringshjelp frå Sjømatrådet. Dette hemmar utviklinga av næringa, og gir også negative signal til mulige investorar som vil satse på dyrking av tang og tare.
Eg er kjend med at departementet tidligere har vurdert at det ikkje er hensiktsmessig å gjere ei slik lovendring, fordi næringa pr i dag har små eksportvolum og dermed generer små inntekter i marknadsavgift.
Underteikna meiner dette ikkje er eit vektig motargument for ei næring som har så stort potensiale og pr i dag berre er i startgropa. Får næringa nødvendig drahjelp til å kome «ut av startgropa» dei næraste åra, vil tang- og taredyrking kunne generere inntekter og verdiar til Noreg i milliardklassen i framtida. Alle næringar i Noreg som i dag er store har ein gong vore små – det er ingen god grunn til å nekte tang- og tarenæringa å bli del av ei samla norsk sjømatsatsing. Dette er også så langt eg kjenner til ønskje frå ei samla næring, m bransjeorganisasjonen Norwegian Seaweed Association.
Eg håpar difor Fiskeri- og sjømatministeren no vil kome denne nye vekstnæringa innanfor norsk næringsliv i måte, og sørge for at tang og tare (makroalgar) raskast råd blir definert som norsk sjømat i Fiskeeksportlova og kan få marknadsføringsstøtte heime og ute.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Det har dei siste ti åra vore stor og aukande interesse for dyrking av tare i Noreg. Tang og tare er ein viktig marin ressurs som har eit stort potensial både som mat og som dyrefôr. I tillegg er det råmateriale for andre verdifulle produkt og bruksområde i samfunnet.
Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet) gjer eit viktig arbeid i mange marknadar for norsk sjømatnæring. Finansieringa av arbeidet Sjømatrådet gjer, skjer gjennom ei avgift på eksporten av fisk og fiskevarer. Dette er regulert i fiskeeksportlova og i ei eiga forskrift. Lova gjeld for "fisk og fiskevarer", dette er igjen definert som alle artar fisk, krepsdyr, blautdyr, pigghudingar og varer der desse er det einaste eller ein vesentleg del av råstoffet. Som representanten skriv har departementet tidlegare vurdert og konkludert med at algar (tang og tare) ikkje kan bli definert som fisk eller fiskevarer, og at det dermed ikkje var grunnlag for å setje i gong eit lovarbeid for å la Sjømatrådet marknadsføre makroalgar.
Noko av bakgrunnen for dette var at fleire fagstyresmakter vurderte at det var hol i kjennskapen knytt til makroalgar, mattryggleik og helse. Tang og tare inneheld viktige vitamin og mineral, men samtidig kan einskilde artar innehalde nivå av visse tungmetall og jod som er skadeleg for helsa. Europakommisjonen har på denne bakgrunnen vedteke å byggje opp grunnlaget for kunnskap om tang og tare, med utstrekt kartlegging av innhaldet av tungmetall som arsen, kadmium, bly, kvikksølv og jod. Arbeidet med å kartlegge skulle ha vore ferdig i 2021, men resultata er ikkje klare enno. Arbeidet med å vurdere felles grenseverdiar i EU og EØS for å sikre trygg mat vil venteleg starte opp i år.
Noreg vil følgje denne utviklinga av regelverk tett, slik at framtidige grenseverdiar for ulike stoff og ulike tareartar er tilrettelagt for norske artar og norske forhold, og ikkje vil vere til hinder for tilgangen til marknader.
I Hurdalsplattformen har vi sagt at vi ønskjer å leggje til rette for auka forsking om og meir aktivitet i næringar knytt til tang og tare og nye marine ressursar. Eg har hatt møter med næringa og meiner det kan vere formålstenleg å gjere ei ny vurdering av om tang og tare skal bli innlemma i fiskeeksportlova. Uavhengig av arbeidet Sjømatrådet gjer har biobaserte næringar som tarenæringa tilgang til heile apparatet av verkemiddel som kan hjelpe med råd og rettleiing innanfor blant anna eksport og tekniske spørsmål rundt handel.