Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:955 (2021-2022)
Innlevert: 19.01.2022
Sendt: 19.01.2022
Besvart: 25.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til en grundig konsekvensutredning av innføring av innleieforbud i byggebransjen?

Begrunnelse

Regjeringen har varslet at de ønsker å forby bruk av innleid arbeidskraft i byggebransjen, noe som et er veldig inngripende forslag. Store aktører i bransjen mener at konsekvensen vil bli at flere bedrifter vil måtte si nei til planlagte prosjekter, noe som også kan gå ut over de fast ansatte. NHO har også pekt på at Norge har for få håndverkere. Vi har ikke tilstrekkelig med håndverkere for å møte den generelle etterspørselen for bygging av sykehus, næringsbygg, skoler og boliger. I tillegg har vi perioder med ekstremt høy produksjon, og det er i praksis umulig å opprettholde en stabil bemanning til å ta unna toppene, og et forbud mot innleie vil derfor sette mange byggeprosjekter i fare.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende 19. januar ut høyringsnotat med framlegg til endringar i regelverket for inn- og utleige av arbeidstakarar frå bemanningsføretak. Utgangspunktet for regjeringa er å leggje til rette for eit arbeidsliv med heile og faste stillingar der arbeidstakarane kan oppleve tryggleik og gode høve til medverknad på arbeidsplassen. Eit arbeidsliv med faste og direkte tilsetjingar kan også bidra til meir produktive, omstillings- og konkurransedyktige verksemder, mellom anna som følgje av at det blir investert meir i tilsette sin kompetanse.
Regjeringa ønsker derfor eit arbeidsliv som byggjer opp under topartsforholdet mellom ein arbeidstakar og ein arbeidsgjevar. Trepartsrelasjonar, som ved innleige frå bemanningsføretak, kan bidra til å undergrave sentrale element ved den norske arbeidslivsmodellen. Me veit mellom anna at innleigde arbeidstakarar er mindre nøgde med sin jobbsituasjon, færre er medlem i arbeidstakarorganisasjonar og omfatta av tariffavtalar. Innleige er ofte prege av kortvarige kontraktar med usikkert inntektsgrunnlag, og det kan vere vanskeleg å byggje gode relasjonar med kollegaer og arbeidsgjevar. Det er mange utanlandske arbeidstakarar som arbeider som innleigde, særleg til byggenæringa. Ifølgje Arbeidstilsynet har denne gruppa arbeidstakarar høgare risiko for skadar og ulykker. I deler av arbeidslivet, særleg i byggenæringa i Oslo-området, har bruken av innleige frå bemanningsføretak vore omfattande i lengre tid og er blitt ein permanent del av korleis verksemdene organiserer bruken av arbeidskraft. Over tid er rekrutteringa til næringa gjennom lærlingordninga blitt svekka.
Regjeringa meiner det er naudsynt med grunnleggjande endringar for å snu denne uheldige utviklinga. I høyringsnotatet er det gjort greie for korleis departementet ser for seg at tiltak for å redusere bruken av innleige kan gjennomførast. Eitt slikt tiltak er å innføre forbod mot bruk av innleige i byggenæringa i Oslo-området. Dette vil sjølvsagt ha konsekvensar. Målet er at det skal leggje til rette for ei anna utvikling i næringa med aukande bruk av faste tilsetjingar og auka rekruttering av faglært arbeidskraft gjennom mellom anna lærlingordninga. På kort sikt kan det føre til utfordringar for verksemdene, særleg for dei som har valt å nytte seg av innleige i stort omfang. Departementet omtalar slike konsekvensar fleire stader i høyringsnotatet. Me ber også høyringsinstansane om å leggje fram sitt syn på moglege følgjer av tiltaka og korleis ein best kan kome desse i møte og handtere slike konsekvensar. Det kan vere behov for ein overgangsregel før regelendringar trer i kraft. Høyringsinstansane blir spurt om å uttale seg om kva som må til i ein overgangsfase for å unngå for store følgjer for verksemdene. Departementet ber også om å få innspel til alternative tiltak, dersom høyringsinstansane har slike, som samstundes kan bidra til å nå dei overordna måla som ligg til grunn for arbeidslivspolitikken.