Skriftlig spørsmål fra Aleksander Stokkebø (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:749 (2021-2022)
Innlevert: 21.12.2021
Sendt: 21.12.2021
Besvart på vegne av: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 05.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Aleksander Stokkebø (H)

Spørsmål

Aleksander Stokkebø (H): Hvilke muligheter og tiltak ser statsråden for seg for å bidra til at flere høyt kvalifiserte expats og arbeidsinnvandrere bosatt i Norge, også fra land utenfor EØS, kan starte egen gründerbedrift?

Begrunnelse

Vi trenger flere i jobb og vi trenger flere som kan skape disse jobbene. Derfor bør målet vårt være å gjøre Norge til det beste landet for å starte og drive bedrift.
For å få til det trenger vi kapital og høykvalifisert kompetanse fra hele verden, også fra land utenfor EØS.
Mange land har kommet langt. I Storbritannia er halvparten av alle selskaper som vokser raskest stiftet av minst en innvandrergründer. I Sverige skaper innvandrergründere over 300 000 jobber, 9 prosent av alle arbeidsplasser i privat sektor.
I mitt og statsrådens eget hjemfylke, Rogaland, representerer førstegenerasjons innvandrerne 15 % av befolkningen. Over halvparten kommer fra land utenfor EØS-området. Arbeidsinnvandring utgjør den største gruppen av innvandrere i Rogaland og en stor andel jobber innen energibransjen. Her bør det, i hele landet, være et stort potensialt for verdiskaping.
En av utfordringene det meldes om er at terskelen for de som har arbeidstillatelse tilknyttet et bestemt arbeid hos en bestemt arbeidsgiver, jf. utlendingsforskriftens § 6-1 sjette ledd, for å gå over til å starte for seg selv, er høy.
Man kan søke tillatelse som selvstendig næringsdrivende, men for de som allerede er her som expats er det ingen sømløs overgang. Utfordringen er - slik jeg har fått det opplyst - at overgangen til å bli selvstendig næringsdrivende er brokete, og man må si opp jobben sin for å få slik tillatelse. Dermed kan Norge gå glipp av mange potensielt lovende gründerideer.
Jeg har forståelse for at det må settes noen rammer og avgrensninger her, men jeg ønsker å høre statsrådens synspunkt på hvilke muligheter som er der i dag og hva vi sammen kan få til for å gi enda flere muligheten til å skape en arbeidsplass for seg selv og andre.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Arbeidsinnvandringspolitikken har lege fast i mange år og under fleire regjeringar. Behovet for arbeidskraft i Noreg skal hovudsakleg dekkjast gjennom arbeidskraftsressursane i den norske befolkninga og arbeidsinnvandringa frå EØS. Noreg er del av ein felles europeisk arbeidsmarknad som inneber at EØS-borgarar kan busetje seg, arbeide og drive næringsverksemd her på same måte som norske borgarar.
Reguleringa av arbeidsinnvandring frå land utanfor EØS (såkalla tredjeland) må balansere målet om fleksibel tilgang til naudsynt spesialkompetanse og omsynet til ei kontrollert innvandring. Arbeidsinnvandrarar frå tredjeland skal ikkje fortrengje norske arbeidstakarar eller EØS-arbeidskraft. Det finst difor inga generell opning for at arbeidsinnvandrarar frå tredjeland kan kome til Noreg.
Dette er òg bakgrunnen for kvifor det gjeld strenge vilkår for opphaldsløyve til faglærte og til sjølvstendig næringsdrivande. Løyva er bundne til eit bestemt arbeid eller ei særskild verksemd som dannar grunnlag for opphaldet i Noreg. Det er òg ein føresetnad at arbeidet eller verksemda gjev tilstrekkeleg inntekt til at arbeidsinnvandraren kan forsørgje seg sjølv og familien sin. Difor kan dei med opphaldsløyvet som faglært, ikkje ha fleire jobbar eller vere arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande på same tid. Tredjelandsborgarar som har opphaldsløyve, skal kunne forsørgje seg sjølv, og det gjeld krav om sikra underhald og bustad for at løyvet kan innvilgast. For å kunne få opphaldsløyve som sjølvstendig næringsdrivande, er det ein føresetnad at underhaldet for det meste er sikra gjennom næringsverksemda. Søkjaren må difor godtgjere at det er økonomisk grunnlag for drifta av verksemda.
Gründerpolitikken i Noreg skal leggje til rette for entreprenørskap og gode rammevilkår for etablering av verksemder. Det finst ei rekkje verkemiddel som skal dekkje behova til oppstartsverksemder, blant anna tilbod om tilskot og lån, rettleiing, kompetanse- og nettverksbygging. Innovasjon Norge forvalter ordningane som er retta mot gründerar, og kan gje støtte til prosjekt som fremjar verdiskapinga i Noreg, dersom føretaket er registrert i Brønnøysundregisteret og eig dei immaterielle rettane. Føretak kan vere registrert og eid av utanlandske gründerar. Det finst òg ei ordning kalla STUDENT som skal fremje gründerskap blant studentar. Ordninga gjev støtte til prosjekt som er støtta av norske institusjonar uavhengig av kva statsborgarskap studentane har. Forskningsrådet forvalta ordninga fram til 1. januar 2022. Den er no flytta til Innovasjon Norge og skal bli utvikla vidare.
Eg viser òg til endringane i utlendingsforskriften § 6-18 som vart vedteke i september 2021. Føresegna regulerer opphaldsløyve til sjølvstendig næringsdrivande. Endringane skal bidra til at fleire gründerar frå tredjeland kan få opphald i Noreg, og inneber blant anna at utlendingsstyresmaktane kan ta omsyn til midlar frå offentlege tilskotsordningar i vurderinga av om det finst eit økonomisk grunnlag for verksemda. Med offentlege tilskot er det meint midlar som vart gjeve til verksemd og sjølvstendig næringsdrivande, til dømes frå Innovasjon Norge eller fylkeskommunane. Ytingar frå arbeids- og velferdsetaten derimot vart ikkje rekne som tilskot. Det er særs aktuelt å sjå til tilskotsmidlar i saker der søkjaren skal starte ny verksemd i Noreg. Kor lang tid det tek å etablere ein ny verksemd vil variere frå bransje til bransje, og vil vere avhengig av kompetansen til søkjaren og situasjonen i næringslivet. Utlendingsstyresmaktane må difor gjere ein konkret og individuell vurdering i kvar sak om, i kor stor grad og kor lenge tilskotsmidlar kan reknast med. Samstundes skal inntekta frå verksemda alltid utgjere den vesentlege delen av underhaldskravet.
Til slutt vil eg minne om at desse vilkåra berre gjeld fram til ein får innvilga varig opphaldsløyve. Etter at varig løyve vart gjeve, treng ein ikkje dokumentere underhald og ein kan òg vere arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande på same tid. Arbeidsinnvandrarar kan søkje om varig opphaldsløyve etter at dei har budd i Noreg i tre år.