Ole-Ansger Nepomuk Martini (V): Vil statsråden sørge for fortgang i arbeidet med å realisere eit godt desentralisert behandlingstilbod for personar med kjønnsinkongruens?
Begrunnelse
I Noreg er det “Nasjonal behandlingstjeneste for kjønnsinkongruens” (NBTK) som er tillagt ansvar for å drive pasientbehandling for diagnosen kjønninkongruens. Etter rettleiaren for “Nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten" (jan 2017) er det berre dei helseføretaka som er tillagt ansvar for ein nasjonal eller regional behandlingsteneste som skal drive høgspesialisert pasientbehandling innanfor det fagområdet som tenesta er godkjent for. Det betyr at alle andre sjukehus og helseføretak pliktar å tilvise pasientar til dette behandlingstilbodet den nasjonale behandlingstenesta er tillagt ansvar for.
Fleire, deriblant organisasjonen FRI– Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) og Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI), har uttalt at dagens behandlingstilbod for personar med kjønnsinkongruens ikkje er godt nok. Blant anna blir det vist til at behandlingstilbodet for kjønnsinkongruens er altfor sentralisert, når det naturlegvis bur folk med denne diagnosen over heile landet. Det blir også etterlyst meir kompetanse om kjønnsinkongruens blant behandlarar.
Helseregionane fekk i 2020 som oppgåve å opprette regionsenter for kjønnsinkongruens. Dette med bakgrunn i “Nasjonal faglig retningslinje for helsetjenestetilbud til personer med kjønnsinkongruens”, som blei offentleggjort i juni 2020. Fagdirektørane i Helse Vest, Helse Midt og Helse Nord sette derfor saman ei arbeidsgruppe som fekk som oppgåve å skissere korleis organiseringa av regionsenter for kjønnsinkongruens kan vere. Arbeidsgruppa konkluderte her med at all type kjønnsbekreftande medisinsk behandling fortsatt skal utførast hos NBTK.