Skriftlig spørsmål fra Ole-Ansger Nepomuk Martini (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:560 (2021-2022)
Innlevert: 02.12.2021
Sendt: 03.12.2021
Besvart: 08.12.2021 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Ole-Ansger Nepomuk Martini (V)

Spørsmål

Ole-Ansger Nepomuk Martini (V): Om Den europeiske menneskerettsdomstolen kjem til at sexkjøpsforbod strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, vil statsråden då foreslå endringar i lovverket som er i tråd med avgjerda frå domstolen?

Begrunnelse

Frankrike vedtok i 2016 ei lov om forbod mot kjøp av seksuelle tenester. Sidan då har fleire hundre franske sexarbeidarar gått til sak mot den franske staten og kravde at lova kjennast ugyldig. Den franske lova er utforma etter inspirasjon frå tilsvarande lovgjeving i Noreg og Sverige.
Den franske grunnlovsdomstolen konkluderte i desember 2019 med at lova ikkje krenka sexarbeiderar sin rett til privatliv, og meinte følgjeleg at lova var gyldig. Som konsekvens har meir enn 250 sexarbeidarar klaga for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), med grunngjevinga at den franske lova strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) art. 8, art. 2 og art. 3.
I april 2021 bestemte EMD å sleppe klagen inn til handsaming og kommuniserte saka til franske myndigheiter. Noreg har i denne saka vald å intervenere til støtte for den franske lovgjevinga.
Amnesty International påpeikar i sin rapport “The Human cost of “crushing” the market” frå 2016 at “den nordiske modellen” der kjøp av seksuelle tenester er illegalt, men ikkje salet av slike tenester, fører til omfattande menneskerettsbrot. Blant anna blir det i rapporten påpeika at sexarbeidarar i Noreg er særleg utsette for brot på retten til vern mot diskriminering og vald, retten til lik beskyttelse av lova, retten til privatliv gjennom omfattande overvaking, og retten til helse ved at skadereduserande tiltak mistenkeleggjerast.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Norge er forpliktet til å respektere menneskerettighetene. En evt. fellende dom fra Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i saken mot Frankrike kan få betydning for det norske forbudet mot kjøp av seksuelle tjenester, men dette vil bero på en nærmere vurdering av dommens innhold. Dette vil man således måtte komme nærmere tilbake til. Dersom den norske reguleringen må endres i lys av EMDs avgjørelse, vil jeg på egnet måte komme tilbake til Stortinget med nødvendige forslag til lovendringer.