Gunhild Berge Stang (V): Innblanding av biodrivstoff krev inga større oppgradering av farkostar eller infrastruktur og er difor eit verkemiddel som kan gje raske reduksjonar i utslepp av CO2.
Kva for plan har regjeringa for innføring av omsetjingskrav for bærekrafteg biodrivstoff i skipsfart, og når ser statsråden for seg at omsetjingskrav for slik biodrivstoff blir innført?
Begrunnelse
I klimaplanen er det eit mål å skifte ut fossilt drivstoff med bærekrafteg biodrivstoff i skipsfart. Hovedgrepet som ble varsla i planen, var innføring av omsetjingskrav for biodrivstoff i skipsfart fra 2022. Regjeringa som Venstre var med i, ville òg vurdera om eit felles omsetningskrav for vegtrafikk og anleggsdiesel, bør gjelda for skipsfart.