Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:382 (2021-2022)
Innlevert: 16.11.2021
Sendt: 17.11.2021
Besvart: 24.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Regjeringen har i Hurdalsplattforma eit mål om at ferjekostnader til mindre øysamfunn skal bli gratis for dei reisande. Dette vil slå svært uheldig ut for næringsliv og fastbuande på øysamfunn som har anløp kun av hurtigbåt og ikkje ferjer.
Kva vil ministeren gjera for å rette opp i dette forholdet, og kor stor tilleggsbevilgning må til for å inkludere øysamfunn som berre har hurtigbåt?

Begrunnelse

Fleire stader langs kysten er det sett opp anløp kun av hurtigbåt og ikkje ferjer. Berre i Nordland er det i følgje NRK 79 stader der kun hurtigbåten legg til. Dette vil gje ein konkurransevridande situasjon for dei øysamfunna som ikkje får redusert fraktkostnadar ettersom dei kun har hurtigbåtanløp.
Eksempelvis får vi oppgitt at det kostar i dag kr 1533,- å frakte 1050 kg gods frå Langevåg til øya Espevær som ligg i Bømlo kommune. Denne øya har kun anløp av hurtigbåt. Dette er omtrent det same det kostar å frakte same mengde vare frå Oslo til Langevåg. Dersom ferjeanløp til småsamfunn vert gratis, vil det bli mindre attraktivt å bu og drive næring på øyar utan ferjeanløp, og ein vil oppleve nedbygging av desse øysamfunna og næringslivet som ligg der. Det er ein forventing om at desse øysamfunna får lik handsaming kva gjeld kostnader til transport av varer, tenester og personar, uavhengig av om befraktningsmiddelet er ferje eller hurtigbåt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Per i dag er intensjonen å gjere det rimelegare å reise med ferjer. I utgangspunktet har fylkeskommunane ansvar for både eigne ferjer og hurtigbåtane, og dei har dermed òg ansvaret for takstane. Regjeringa meiner det er ei viktig oppgåve å sørgje for eit godt ferjetilbod og sikre at overføringane til fylkeskommunal ferjedrift samsvarer betre med behovet til dei reisande og næringslivet. I denne omgang er difor ferjene prioritert.
Samferdselsdepartementet har ikkje oversyn over kor stor tilleggsløyving som må til for å inkludere øysamfunn som berre har hurtigbåt, og det har ikkje latt seg gjere å berekne det innan svarfristen på dette spørsmålet.