Skriftlig spørsmål fra Abid Raja (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:216 (2021-2022)
Innlevert: 31.10.2021
Sendt: 01.11.2021
Besvart: 08.11.2021 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Abid Raja (V)

Spørsmål

Abid Raja (V): Ser regjeringa føre seg at det er plass til same nivå av private barnehagar i Noreg framover og ønskjer regjeringa å byggje ein heilskapleg statleg politikk på noko eit hasteutval, slik som Storberget-utvalet som ikkje henta inn grundige utgreiingar av sine framlegg til tiltak eller ser regjeringa føre seg å setje ned eit nytt utval som kan arbeide meir langsiktig å byggjer sine framlegg på meir omfattande utgreiingar?

Begrunnelse

I Hurdalsplattforma heiter det at ein vil stramme inn regelverket for private barnehagar for å sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling gjeng til barnehagedrift, medrekna å regulere kjøp og sal av barnehagar strengare og vurdere innføring av meldeplikt og kommunal rett til å kjøpe fyrst. Ein vil og gi kommunane større moglegheiter til å styre finansieringa og krava til private barnehagar. Samstundes vil regjeringa arbeide vidare med tilrådingane frå Storberget-utvalet som opnar for å gje små privateide og ideelle barnehagar betre rammevilkår samt å gje kommunane moglegheit til å prioritere desse barnehagane.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Storberget-utvalet blei sett ned av den førre regjeringa som ei følgje av oppmodingsvedtak nr. 156 3. desember 2020 som blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021). I oppmodingsvedtaket ba Stortinget regjeringa om å

"nedsette et hurtigarbeidende utvalg der bl.a. KS og PBL deltar, for å utrede finansieringen av private barnehager, herunder muligheten for lån i Husbanken."

Utvalet leverte rapporten "Du er henta! Finansiering av private barnehager" den 16. juni 2021. Utvalet hadde medlemmar foreslått av KS, Private Barnehagers Landsforbund, Virke, Utdanningsforbundet og Fagforbundet og blei leia av statsforvaltar i Innlandet, Knut Storberget. Utvalet fekk i oppdrag å gjere greie for dagens finansieringssystem for private barnehagar og vurdere fordelar og ulemper ved dagens system, og dernest eventuelt kome med forslag til endringar i regelverket for finansieringa av private barnehagar. Rapporten blei send på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2021.
Det partssamansette Storberget-utvalet skulle gjere analysane med utgangspunkt i eksisterande kunnskapsgrunnlag innhenta av departementet og utgreiinga frå velferdstenesteutvalet, jf. NOU 2020: 13 Private aktører i velferdsstaten. Velferdstenesteutvalet var eit ekspertutval av økonomar, statsvitarar og juristar. NOU-en inneheld grundige analysar av økonomien til ulike private velferdsleverandørar og velferdstenesteutvalet finn at barnehagesektoren er den mest lønnsame velferdssektoren av dei som blei undersøkt.
Både Storberget-utvalet og velferdstenesteutvalet stadfestar at dagens finansieringssystem er tilpassa ein sektor i utbyggingsfasen, og at det er behov for endringar no som barnehagesektoren er meir eller mindre ferdig utbygd og består av eit større mangfald av barnehageaktørar. Storberget-utvalet er delt i tilrådinga si om kva for endringar som bør gjerast i finansieringssystemet for private barnehagar.
Regelverket for private barnehagar er ikkje tilpassa utviklinga i sektoren. Reguleringa av private barnehagar har vore tilpassa ein periode då utbygginga av barnehagesektoren hadde høg prioritet, dette for å sikre alle barn rett til barnehageplass. Departementet har utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for å gjere regelverket meir tilpassa dagens situasjon. Velferdstenesteutvalet, og det hurtigarbeidande partssamansette Storberget-utvalet har også greidd ut desse problemstillingane vidare. I tillegg har departementet sendt på høyring ei rekkje forslag om endringar i regelverket for private barnehagar som ikkje er følgt opp enda. Departementet har dermed eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med finansieringssystemet for private barnehagar.
Private barnehagar er ein stor og viktig del av barnehagesektoren, men vi må ha eit regelverk som sikrar at dei offentlege midlane blir brukt effektivt og rettferdig og kjem innbyggjarane i kommunen til gode. I det vidare arbeidet vil eg leggje vekt på konsekvensane for dei private barnehagane, kommunane, foreldra og barna. Eg er opptatt av å ha god dialog med partane i sektoren i tida framover.
Eg meiner at det i større grad bør vere opp til kommunane å bestemme kor mange barnehageplassar det er behov for i kommunen.
Eg vil ikkje sette eit måltal for kor mange private barnehageplassar vi skal ha. Det hadde så vidt eg veit heller ikkje regjeringa Solberg.