Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:132 (2021-2022)
Innlevert: 24.10.2021
Sendt: 25.10.2021
Besvart: 02.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Meiner statsråden at dei som er utsett for straffbare forhold er dei samme som skal betale bota til eit offentleg organ?

Begrunnelse

Datatilsynet har den 27.09.21 vedteke å gje Ferde AS eit gebyr på 5 000 000 kr, for brot på grunnleggande krav i personvernregelverket i perioden 2017-2019. Ferde AS registrerer passeringar i bomstasjonar, og der den som passerer ikkje har brikke, eller brikka ikkje vert korrekt registrert, vert det teke eit bilete av bilen sitt registreringsnummer. Bilskilt er rekna som personopplysningar.
Datatilsynet konkluderer med at Ferde AS ikkje hatt gyldig grunnlag for å overføre personopplysningar til Kina, og at selskapet har brote plikta til å gjennomføre risikovurdering og inngå databehandlaravtale før personopplysningar vert overførte.
Ferde AS har vedgått brot på personvernregelverket i perioden, og har opplyst at selskapet aksepterer gebyret. Selskapet retta opp i tilhøva så snart dei vart kjende med dei. Etter at selskapet fekk varsel om gebyr tidlegare i år, har selskapet avslutta kontraktsforholdet med Unitel Bratseth Services.
I fylkesutvalmøtet i Vestland reiste Sigbjørn Framnes (FrP) spørsmål om korleis bota blei dekka inn av Ferde. Fylkesadministrasjon hadde fått opplyst av Ferde at dette gjekk som driftsmidlar.
Det betyr at dei som blei utsett for brotet på personvernreglane er dei som blir straffa med å betala bota for Ferde. Her burde vel eigarar tatt rekninga for eit slikt brot på reglane overfor sine kundar og ikkje vanlege folk gjennom 5 mill i auka bompenger for å betale bota.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ferde AS er eit fylkeskommunalt eigd bompengeselskap. Selskapet er organisert som eit aksjeselskap, og er såleis eit eige juridisk rettssubjekt og difor ansvarleg for gebyret som er ilagt. Eigarane blir økonomisk involverte om selskapet får betalingsproblem og om det blir spørsmål om auka eigenkapitalbehov.
Bompengeselskapa sine inntekter er i all hovudsak innkravde bompengar. I tillegg har selskapet finansinntekter, tilskotsmidlar knytt til enkeltprosjekt og ev. inntekter som følgje av avhending av eigendelar.
Utover aksjeselskapslova er selskapet si verksemd regulert i ein overordna bompengeavtale mellom selskapet og Samferdselsdepartementet. I pkt. 6 i denne bompengeavtalen er det fastsett at bompengeinntekter kan brukast til å oppfylje selskapet si plikt til finansiering av det bompengeprosjektet som innkrevjinga ifølgje Stortinget sitt vedtak gjeld. Dette omfattar utbyggingskostnader, finansieringskostnader, kostnader til innkrevjingsutstyr og kostnader til drift og administrasjon av bompengeprosjektet. Drift- og administrasjonskostnader vert fordelte på prosjekt etter fordelingsnøkkelprinsippet. Gebyr vil bli ført som driftskostnad i selskapet sitt rekneskap.
Bompengeavtalen stengjer ikkje for at Ferde AS kan dekke gebyret frå Datatilsynet med bompengar. Dette er på same måte som at eventuelle gebyr til offentlege etatar og verksemder må dekkast av verksemda si tildeling, sjølv om dette er offentlege midlar som mellom anna kjem frå skatteinntekter. Dette er likevel ikkje til hinder for at eigarane, om dei ynskjer det, kan gje tilskot til selskapet for dekking av gebyret.