Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2991 (2020-2021) Innlevert: 21.09.2021 Sendt: 22.09.2021 Besvart: 30.09.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Nicholas Wilkinson (SV): Jeg ber Miljødepartementet om innsyn i kontakten mellom Miljødirektoratet og Direktoratet for strålevern, og Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen som er grunneierne. Kan jeg be spesielt om innsyn om påleggene som direktoratene har sendt i 2021 til grunneierne, og tilbakemeldingen på disse varslene?
Jeg viser til spørsmål og svar på Dokument nr. 15:2963 (2020-2021).
Sveinung Rotevatn: Saka om området på Taralrud som er fylt med alunskifer følgjer alminneleg saksgang. Det inneber at alle dokument i saka blir arkivert og er dermed tilgjengeleg for offentlegheita gjennom offentleg postjournal, www.einnsyn.no. Dette gjeld også for varsla som blei sendt frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Miljødirektoratet til Åsland Næringspark Eiendom (ÅNE) og Statens vegvesen (SVV) i sommar.Per nå har miljømyndigheitene berre sendt varsel om pålegg til partane. Desse varsla blei sendt i brev til Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen datert 23. juni 2021 og 21. juni 2021. Kommentarane frå Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen blei sendt til direktorata i brev datert 17. september 2021. Direktorata vil vurdere kommentarane frå partane og vil deretter utarbeide pålegg.Kommentarane frå Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen blei mottekne i direktorata for få dagar sia, men vil bli tilgjengeleg på offentleg postjournal innan kort tid.