Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2957 (2020-2021)
Innlevert: 07.09.2021
Sendt: 08.09.2021
Besvart: 16.09.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Miljødirektoratet har nylig bekreftet at det er sendt dropp-signal til GPS-senderen til den såkalte «Elgå-ulven», slik at halsbåndet skal løsne. Regjeringen har tidligere betegnet denne ulven som «genetisk viktig». Den befinner seg nå Øst for Glomma, sør for Mangenreviret og vest for Rømskog-reviret.
Kan statsråden garantere at tilstedeværelsen av Elgå-ulven i området ikke kommer til å påvirke eventuell lisensfelling av ulv i Aurskog-Høland og nabokommunene kommende vinter, hvis rovviltnemdene beslutter slikt uttak?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Den sør-skandinaviske ulvebestanden har høg grad av innavl, og det er avgjerande at vi får inn ulv frå anten Finland eller Russland som kan tilføre bestanden genetisk variasjon. Som stortingsrepresentant Myhrvold er kjent med, er den sokalla Elgå-ulven av finsk-russisk opphav, og det er difor særs gledeleg at den har etablert seg med sin partner innanfor ulvesona. Statens naturoppsyn og Rovdata har dokumentert at paret har fått kvalpar. Skal vi klare å oppretthalde ein felles ulvebestand i Noreg og Sverige på det nivået vi har i dag er vi heilt avhengige av at slike finsk-russiske ulvar kjem inn og reproduserer seg. Vidare må avkomma deira igjen få nye kvalpar.
Rovviltnemndene i region 4 (Oslo, Akershus og Østfold) og 5 (Hedmark) skal ta stilling til om det skal opnast for felling av ulv innanfor ulvesona.
Eg har tillit til at rovviltnemndene saman med sine sekretariat gjer grundige faglege vurderingar før dei fattar sine vedtak. Ut frå tidlegare erfaringar er det stort sannsyn for at nokre av vedtaka vert påklaga. Som stortingsrepresentanten er godt kjent med er det Klima- og miljødepartementet som skal handsame eventuelle klager. Eg finn det difor ikkje rett å kommentere noko om dette no, då det kan leggje føringar for nemndene sitt vedtak eller kva resultatet av ei eventuell klagehandsaming vil bli.