Jenny Klinge (Sp): Streng, piggtråd og nettingsutgardar som ikkje lenger tener eit føremål, evt. også er forbode slik piggtråd er, er mange stader til fare for både dyr og menneske i utmarka og er dessutan stygt å sjå til.
Er det planlagt tiltak for å bidra til at slikt blir samla inn og levert på eigna stad, og viss ikkje, er statsråden einig med meg i at dette bør gjerast?
Begrunnelse
Streng, piggtråd og nettingsutgardar ligg gjerne i utmarka på landbrukseigedommar, men det er gjerne ikkje dagens drivar som har sett opp dette utstyret. Like fullt er det på tide at slikt utstyr som ikkje tener eit føremål og/eller er farleg blir rydda opp i. Storsamfunnet kan bidra med stimuleringsordningar, til dømes ei slags panteordning for innlevert materiale, for å sørge for at så mange som mogleg anten ryddar opp sjølve på eigedommen sin eller får andre til å gjera jobben.
Til orientering har staten laga ei forsøksordning for å finne ei løysing på problematikken kring strengrestar ved såkalla trigpunkt, etter spørsmål frå meg:
https://www.nrk.no/mr/vil-rydde-opp-i-40.000-gamle-oppmalingsmerke-1.15632124?fbclid=IwAR1gmu1P3onHg5PHG5SmjaL43pUmsoDlp8uEKOqCAm9_6MmawfK6LdnIXkw