Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2893 (2020-2021)
Innlevert: 28.08.2021
Sendt: 30.08.2021
Besvart: 06.09.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kor mykje har staten brukt på planlegging dei siste 8 år av vegstrekninga og kor mange års forsinkelse vil det bli om Frp skulle vinne fram med sitt syn?

Begrunnelse

I valkampen snakkar no Frp om at dei vil ha omkamp på trasévalet for E39 Møreaksen. Eg er uroa over dette og vil gjerne ha svar på kor mykje som er brukt på planlegging av ein veg Frp no ikkje vil ha, samt eit estimat på kva ein slik omkamp vil utsette prosjektet med.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: E39 Ålesund-Molde har vore utgreitt i fleire omgangar. Parallelt med utgreiingsarbeidet er det jobba med planlegging etter plan- og bygningslova på heile E39 Ålesund-Molde.

Kostnad for utgreiing og planlegging

Samla sett har det blitt brukt om lag 340 millionar 2021-kroner til utgreiings- og planleggingsaktiviteten dei siste åtte årene (2013-2021). Dette inkluderer 22 millionar 2021-kroner i prognose for resten av 2021.
Til utgreiingar er det nytta om lag 3,5 millionar 2021-kroner. Dette inkluderer både kjøp av konsulenttenester og interne timar. Utgreiingane er tilleggsutgreiing for KVU på strekninga Digernes-Vik (2017/2018) og vurdering av alternative kryssingar av Romsdalsfjorden (2019).
Til planlegging etter plan- og bygningslova aleine er det nytta om lag 335 millionar 2021-kroner, inkludert prognose for 2021. Dette inkluderer både kjøp av konsulenttenester og interne timar. Dei største planleggingskostnadene ligg til det omfattande arbeidet med utgreiing og planlegging av fjordkryssinga. Dette arbeidet har gjort at byggjekostnadene for prosjektet er redusert vesentleg. Det er inngått kontraktar på blant anna prosjektering av Julsundbrua og arkeologiske arbeider som strekkjer seg ut over 2021.

Utsetjing

E39 Ålesund-Molde er prioritert med oppstart i fyrste periode av Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021), og har kome langt i utgreiing og planlegging.
Eit eventuelt nytt konsept for E39 må utgreiast i ei ny konseptvalutgreiing og vurderast i ei ny ekstern kvalitetssikring (KS1) før det ev. blir gjort eit nytt konseptval og regjeringa gir føringar om vidare planlegging. KVU/KS1 prosessen inkludert regjeringsbehandling, tek normalt 2-3 år. Det vil seie at planlegging etter plan – og bygningslova kan starte tidlegast i 2024, kanskje så seint som 2025. Å skaffe same plangrunnlag for ein eventuell ny trasé som vi har for vedtatt traséen, vil kunne innebere behov for fleire år med blant anna miljømålingar og grunnundersøkingar. Ei planleggingstid på 4-6 år er ikkje usannsynlege. Prosjektet kan då vere ferdig planlagt og klar for KS2 tidlegast ein gong mellom 2028-2029 og 2031. KS2 og behandling i regjering og storting vil normalt ta minst eitt år og kjem i tillegg.
Prosjektet har ei ramme på 2,5 mrd. kr i fyrste seksårsperiode i NTP pluss trafikantbetaling. Oppstart er avhengig av dei årlege budsjetta og porteføljestyringa. Eit nytt traséval vil grovt vurdert kunne føre til ein utsett anleggsstart på mellom 5-10 år, minst, samanlikna prioriteringa i NTP 2022-2033. Det blir understreka at dette er eit usikkert anslag, det kan bli vesentleg meir.