Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2891 (2020-2021)
Innlevert: 27.08.2021
Sendt: 30.08.2021
Besvart: 03.09.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Under eit arrangement i regi av Noregs Forsvarsforeining og 12 andre forsvarsrelaterte organisasjonar på Arendalsuka uttale stabssjef Elisabeth Natvig at Noreg i dag ikkje er NATO i nord.
Deler forsvarsministeren dette synet og dersom ja, er det eit uttalt mål for denne regjeringa å jobbe for at Noreg skal bli NATO i nord og eventuelt kva tiltak har regjeringa for å nå dette målet?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Langtidsplanen for Forsvaret (Prop. 14 S) er tydeleg på at tryggingssituasjonen i dei norske nærområda i stadig større grad er ei strategisk utfordring, ikkje berre for Noreg, men for allierte og NATO. Derfor styrkjer NATO evna til kollektivt forsvar også i nærområda våre. Vi ser også at nære allierte ser et behov for å spele ei tyngre rolle i nord. Alliert nærvær i det daglege og evna vår til å operere saman med og ta imot allierte forsterkningsstyrkar er eit grunnleggjande element i avskrekkings- og forsvarsevna vår. Den nasjonale evna til daglege operasjonar er vidare viktig for å sikre innflytelse, og bidrar til å etablere ein mest mogleg føreseieleg og stabil situasjon for militær aktivitet i regionen.
I Langtidsplanen for Forsvaret slår vi fast at Noreg må ta betydeleg ansvar på alliansen si nordlege flanke, i form av militær nærvær i alle domene, inkludert innan overvaking og etterretning. Dette er ein naturleg konsekvens av Noreg si geografiske plassering. Denne satsinga kjem oss til gode både nasjonalt og i NATO. Samtidig som Noreg varetek sentrale oppgåver i nord, kan vi ikkje gjere denne oppgåva aleine. Vi er heilt avhengige av eit tett samarbeid med våre nære allierte, og at vi gjer dette i ei NATO-ramme. Samarbeid fortsett å vere avgjerande. Derfor har Noreg tatt på seg ei tydeleg rolle i nord, saman med nære allierte og innanfor ramma av NATO sine planar og konsept.