Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2831 (2020-2021)
Innlevert: 18.08.2021
Sendt: 18.08.2021
Besvart: 23.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Kan statsråden slå fast at regjeringen aldri vil overprøve Porsgrunn kommunes nei til deponi i Brevik, og planlegger statsråden å informere kommunen om denne beslutningen?

Begrunnelse

I over 6 år har det vært usikkerhet fra regjeringens side om en mulig statlig reguleringsplan for deponi for farlig avfall i Dalen gruver i Brevik. Statsministeren ble 17.8.21 sitert i Varden der hun uttalte følgende: «Nei, det blir ikke deponi i Brevik». Siden saken har pågått så lenge, så er det nyttig for alle parter med en skriftlig og formell tilbakemelding fra ansvarlig statsråd.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Spørsmålet om framtidig behandlingskapasitet for farleg avfall i Noreg er noko eg har prioritert høgt som klima- og miljøminister. Regjeringa har ansvar for at Noreg opprettheld ei nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i tråd med internasjonale pliktar. Samstundes er det dei som er opphav til avfallet som er ansvarleg for å handsame det, og det er difor viktig at det er næringslivet sjølv som etablerer nye løysingar.
Regjeringa har vore oppteken av å sjå kva løysingar som kan vere moglege for å sikre ny kapasitet. Det blei nedsett eit ekspertutval for å gi vurderingar i saka, og eg har hatt dialog med næringsliv og kommunar.
Hausten 2020 informerte NOAH, som driv deponiet på Langøya, at dei vurderte moglege tiltak for å forlengje levetida på Langøya potensielt fram til 2030. I mai 2021 søkte dei Miljødirektoratet om endra utsleppsløyve for å kunne iverksetje tiltak for å forlengje levetida. Søknaden er no til behandling i Miljødirektoratet.
På denne bakgrunn er ikkje statleg plan i Brevik noko denne regjeringa vurderer. Ein forlenga deponikapasitet gir tid til å kunne realisere mykje av den teknologiutviklinga og reduksjonen i deponibehov som ekspertutvalet om farleg avfall peikte på i 2019. Deponibehovet over tid kan dermed sjå annleis ut og det gir næringslivet meir tid til å finne nye løysingar.