Nils T. Bjørke (Sp): Kva for ny informasjon kom fram i Riksrevisjonen sin rapport om anskaffelser av konsulenttenester i Direktoratet for e-helse som ikkje låg i utgreiinga frå direktoratet som departementet vurderte hausten 2020, og stiller statsråden seg framleis bak direktoratet sin bruk av konsulentar etter at Riksrevisjonen la fram rapporten?
Begrunnelse
Den 13. oktober 2020 sa helseministeren i Stortinget at Helse- og omsorgsdepartementet hadde gått gjennom utgreiinga frå Direktoratet for e-helse om at reglane for offentlege innkjøp vart overhaldne ved avrop på rammeavtalane for IKT-konsulenttenester. Departementet hadde då vurdert direktoratet si utgreiing og dei juridiske vurderingane frå advokatselskapet Kluge utan å finna haldepunkt for mistanke om lovbrot. I Riksrevisjonen sin rapport Dokument 3:14 (2020─2021) kjem det fram at Direktoratet for e-helse har brote reglane for offentlege innkjøp i fleire kjøp av IT-konsulenttenester og at direktoratet ikkje har god nok kontroll med kostnadane i kontraktane. Feila er omfattande og gjennomgåande.