Skriftlig spørsmål fra Anette Trettebergstuen (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2738 (2020-2021)
Innlevert: 05.08.2021
Sendt: 05.08.2021
Besvart: 13.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Anette Trettebergstuen (A)

Spørsmål

Anette Trettebergstuen (A): Vil statsråden iverksette tiltak gjennom en ny Mjøsaksjon?

Begrunnelse

I sommer har Mjøsa igjen fremstått som svært udelikat for badende sommergjester. Høy forekomst av alger har gjort at innsjøen tidvis fra myndighetenes side vært frarådet for bading. Forskere uttrykker bekymring for Mjøsas helse, da forurensing og utslipp forringer vannkvaliteten. Fra 1973-82 ble det iverksatt en kraftfull aksjon for å redusere forurensing i Mjøsa og sikre en bærekraftig og trygg drikkevannsforsyning til mjøsbyene. Mange tilfeller av dårlig vannkvalitet og ukontrollerte utslipp de siste ti årene kan tyde på at det er på tide med et nytt krafttak for Mjøsa.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Etter Mjøsaksjonen på 1970- og 80 talet blei vasskvaliteten i Mjøsa betydeleg betra. Det har likevel vore teikn til ei forverring av tilstanden dei siste åra, med meir tilførsel av næringsstoff, slik som fosfor. Dette bidreg til ei oppblomstring av algar, også kalla eutrofiering. Miljødirektoratet ga i 2020 tilskot til Statsforvaltaren i Innlandet og Vassdragsforbundet for Mjøsa og tiløpselver for å berekne tilførsler, kjelder og årsaker til auka fosfor og berekne effekt av tiltak innan avløp og jordbruk. Rapporten som vert utarbeidd av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vart publisert i mai 2021. Rapporten konkluderer med at det utan tiltak innan for avløp og jordbruk er risiko for at tilførslane av fosfor til Mjøsa aukar og vil overskride kva innsjøen toler. Det er med andre ord klart at det er behov for tiltak i tida framover for å betre vasskvaliteten i Mjøsa.
Det er for dårleg reinsing av avløp frå spreidd busetnad i fleire av kommunane rundt Mjøsa. Kommunen er forureiningsmyndigheit og kan gi pålegg om betre reinsing av fosfor og organisk materiale frå dei husstandane som ikkje tilfredsstiller krava i forureiningsforskrifta i dag. Kommunen er også ansvarleg for oppgradering av kommunalt leidningsnett og å redusere mengdene ureinsa avløpsvatn som vert sleppt ut via lekkasjar og overløp. Kommunane sit altså på målretta verkemiddel for å treffe effektive avløpstiltak som vil bidra til betre vasskvalitet i Mjøsa.
I fleire av nedbørsfelta til Mjøsa har det vore ein auke i mengde husdyr dei siste åra, og dermed ein auke i spreiing av fosfor frå husdyrgjødsel. Statsforvaltaren og kommunane skal innføre nye og/eller strengare krav i område der eksisterande krav eller frivillige tiltak for å redusere avrenning av næringsstoff til vatn ikkje er nok til å nå miljømålet om god tilstand. Videre er forskrifta om organisk gjødsel, irekna krava til lagring og bruk av gjødsel, under revisjon i Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
EUs vassdirektiv er gjennomført i norsk rett gjennom vassforskrifta, og legg grunnlag for ei økosystembasert forvaltning av alle vassførekomstane våre. Dei regionale vassforvaltningsplanane er som kjent under revisjon og dei nye planane vil gjelde frå 2022 til 2027. Eg viser i den samanheng til Nasjonale føringar for vassforvaltinga frå mars 2019 med eigne føringar for avløp og jordbruk. Eg forventar at tiltaka som er nødvendige for å betre tilstanden i Mjøsa ligg inne i tiltaksprogrammet for Vassregion Innlandet og Viken som skal behandlast i fylkestinga til hausten før det blir oversend til regjeringa for godkjenning. Det er viktig at kommunane og jordbrukssektoren tek dette ansvaret og sørgjer for at tiltaka blir gjennomført. Klima- og miljødepartementet vil sørgja for midlar til overvaking og delfinansiering av stillinga som dagleg leiar for Vassdragsforbundet for Mjøsa og tiløpselver. Departementet vil også gjennom Miljødirektoratet følgje utviklinga og gjennomføringa av tiltak.
Eg tar situasjonen i Mjøsa på største alvor, og vil som skissert over følgje utviklinga tett framover.