Hadia Tajik (A): Kvifor svarer finansministaren på spørsmål om fordelingseffektar av skattekutta til regjeringa med tal han sjølv meiner ikkje kan nyttast?
Begrunnelse
I skriftleg spørsmål nr. 2150 frå Eigil Knutsen etterlyser stortingsrepresentanten fordelingseffektane av skattepolitikken til regjeringa i perioden 2013 -2021. I svaret bruker finansministaren tal mellom 2013-2017 og 2017 og 2021 og opplyser at desse ikkje kan summerast. Men når det kjem til omtalen av eigen politikk, bruker regjeringa sjølv effekter over åtte år. Då er det slik at anten let desse tala seg summerast, og at det er det regjeringa gjer, eller så finst det tal som let seg summerast - og då må statsråden dele desse med stortinget.