Kjersti Toppe (Sp): Synes helse- og omsorgsministeren at det er rimelig og verdig at eldre pasientar må oppleve å ligge på golvet i taxi under transport til sjukehus, kan statsråden informere om kontraktsbrot hos Christiania Taxi sidan dei tok over pasientkøyring på Voss, og vil statsråden kreve ein ekstern gjennomgang av pasientreiseordninga i regi av Helse Bergen og sørge for at kontrakten med Christiania taxi ikkje blir avslutta og ikkje blir forlenga?
Begrunnelse
Viser til oppslag i avisa Hordaland laurdag 26. juni om ei 92 år gamal kvinne som måtte liggja på golvet under transport frå fysioterapeuten til sjukehuset
Drosjen kom 20 minutt for sein - noko som ikkje er uvanleg - og var ikkje tilpassa den reisande sitt behov. Etter at Christiania Taxi overtok pasientkøyring på Voss, har det vore stor misnøye med tilbodet og mange klager. Trass i mange lovnader om forbetringar er dette ikkje skjedd.