Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2617 (2020-2021)
Innlevert: 27.06.2021
Sendt: 28.06.2021
Besvart: 02.07.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har Avinor fått pålagt oppgåver og kostnader ut over dei ein hadde før utbygginga av den militære flybasen vart vedteke utbygd på Evenes, og har ein funne løysingar på korleis passasjerar skal opphalde seg i avgangs/ankomstområde utan støyproblem når F35-jagerfly tek av frå flybasen?

Begrunnelse

Senterpartiet har sendt fleire spørsmål til forsvarsministeren for å finne svar på kostnadsutviklinga ved utbygginga av flybasen på Evenes. Det har vore vanskeleg å få svar, men det har blitt tydeleg at det er eit overordna mål at ein held seg mest muleg innanfor dei økonomiske råmene som er lagt for utbygginga. Det som er like interessant som forsvaret si utbygging er utviklinga ved den sivile lufthamna. Korleis det vert lagt til rette for sivil luftfart er svært viktig for innbyggjarar og næringsliv i regionen.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok reguleringsplanen for Evenes flystasjon 17. november 2020. I tråd med Prop. 60 S (2018-2019), jf. Innst. 346 S (2018-2019), er Forsvarsdepartementet i gang med ei nærare vurdering av kva for meirkostnader som vil oppstå ved Forsvarets etablering på Evenes lufthamn.
Forsvarets etablering vil føre til meirkostnader som følgje av auka støy. Forsvarsbygg og Avinor greier for tida ut kva for tiltak som vil vere nødvendige for å skjerme dei som oppheld seg på lufthamna mot høyrselskadeleg støy. Mellombelse tiltak vil kome på plass. Det er førebels ikkje avklart kva for permanente tiltak som vil vere nødvendige.
Ut over dette vil det oppstå meirkostnader ved at Forsvaret stiller strengare krav til vinterdrift av banesystemet, og ved at Forsvaret har behov for døgndrift av bakketenester og flysikringstenester. Forsvarets etablering vil elles kunne føre til meirkostnader som følgje av auka utslepp av kjemikal. Statsforvaltaren behandlar for tida ein søknad frå Avinor om nytt utsleppsløyve.
Meirkostnadene ved Forsvarets etablering på Evenes skal dekkjast av Forsvaret. Av forskrift om avgifter for bruk av lufthavner drevet av Avinor AS følgjer det at Forsvaret skal betale avgifter for bruk av Avinors lufthamner på same måte som sivile luftfartsoperatørar. Av forskrifta følgjer det vidare at Forsvaret skal dekkje meirkostnader for ytingar ut over standardytingane på lufthamnene gjennom eigne avtalar.