Liv Signe Navarsete (Sp): Kan fiskeriministeren stadfeste at det ikkje vil bli føreteke sentralisering av oppgåver og tilsette frå Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy og at regionkontoret vil bli oppretthalde som i dag?
Begrunnelse
Fiskeridirektøren har sett i gong eit arbeid for å vurdere framtidig organisering av Fiskeridirektoratet. Sist ein hadde slik prosess i 2015 foreslo fiskeridirektøren å legge ned regionkontoret i Måløy og flytte det til Bergen, det vil seie til same by som hovudkontoret ligg. Flyttinga vart heldigvis ikkje realisert, men det var ein hard kamp. No vekkjer den nye omorganiseringa av Fiskeridirektoratet ny uro for framtida til regionkontoret i Måløy.