Skriftlig spørsmål fra Solveig Schytz (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2582 (2020-2021)
Innlevert: 25.06.2021
Sendt: 25.06.2021
Besvart: 02.07.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Solveig Schytz (V)

Spørsmål

Solveig Schytz (V): Vil statsråden gå gjennom regelverket for støtte slik at man sikrer at anlegg for vask av fritidsbåter kan søke støtte fra Miljødirektoratet?

Begrunnelse

Bunnstoff fra båter er en stor kilde til forurensing ned mikroplast i havet, det er derfor viktig at vi får fram gode alternativer til dagens løsninger. Venstre har gjennom forhandlinger i Stortinget sikret midler til pilotprosjekt for vaskemaskiner for fritidsbåter, som alternativ til bruk av miljøskadelig bunnstoff. Vollen Marina i Asker har bygd opp et slik anlegg basert på denne støtteordningen. De må nå fornye anlegget, men får ikke søkt statlig støtte via Miljødirektoratet til dette.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Marin forsøpling og utslepp av mikroplast er globale miljøproblem og prioriterte satsingsområda for regjeringa. Utslepp av mikroplast frå botnstoff er ei av dei kjeldene som er trukke fram i Miljødirektoratet si tiltaksvurdering mot mikroplast. Miljødirektoratet er i tillegg i gang med å skaffe meir kunnskap om forureining frå småbåthamner, for å kunne vurdere eventuell regulering for å redusera utsleppa av mikroplast frå desse.
Tilskotsordninga mot marin forsøpling er ein viktig del av regjeringa si satsing mot marin forsøpling. Ordninga skal bidra til gjennomføring av oppryddingstiltak og førebyggande tiltak for å redusera marin forsøpling i Noreg. Stor merksemd skal rettast mot strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen, og det brukas årleg om lag 70 millionar kroner under tilskotsordninga.
Eit pilotanlegg for miljøvennleg båtvask har tidlegare fått tilskot gjennom ordninga. Pilotanlegget vart støtta for å få erfaring med vask av båtar for å redusera utsleppa av mikroplast.
Slike anlegg kan framleis søke på tilskotsordninga, men det er samstundes avgrensa kor store tilskot det er mogleg å gje innafor dagens økonomiske rammer for tilskotsordninga. Tilskot til investeringar i kommersielle anlegg kan òg vera konkurransevridande og kan komma i strid med statsstøtteregelverket. Tilskotsordninga er óg utforma slik at Miljødirektoratet må vurdera dei ulike søknadane som kjem opp mot kvarandre, og gje støtte til dei søknadane som samla bidrar best til å nå måla med ordninga.
Internasjonalt arbeider regjeringa systematisk for ein ny global avtale mot plastforsøpling og plastforureining. Seinare i sommar vil vi leggje frem ein heilskapleg plaststrategi som tar for seg globale, regionale og nasjonale tiltak i plastens livsløp.