Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2524 (2020-2021)
Innlevert: 20.06.2021
Sendt: 21.06.2021
Besvart: 28.06.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva vil samferdselsministeren gjere for å sikre best mogleg utnytting av steinmassane frå prosjektet Stad skipstunnel og korleis vil han sikre størst mogleg ringverknader gjennom å tilrettelegge for at lokalt næringsliv kan konkurrere om oppdrag i byggeprosessen?

Begrunnelse

Stortinget har gjort vedtak om at Stad skipstunnel skal byggast. Det er eit prosjekt som vil gje store steinmassar. Desse kan gje grunnlag for at andre prosjekt i regionen kan sjå dagens lys. Men det krev at styresmaktene legg til rette for det i samarbeid med lokale styresmakter og næringsliv. Vidare må ein legge til rette for at lokale entreprenørar og næringsliv elles kan konkurrere om oppdrag i samband med byggeprosessen. Men skal det skje må prosjektet planleggast for det frå starten, noko statsråden kan legge til rette for. Det er av stor lokal interesse å vite korleis regjeringa vil sikre at det vert størst mogleg ringverkander av det som vert ein nyskapande og spanande byggeprosess.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Stad skipstunnel er eit stort og komplisert prosjekt, som vil strekke seg over fleire år. Kystverket arbeider no med det førebuande kontraktsgrunnlaget. I dette arbeidet må etaten ta viktige avgjerder for å sikre gode løysingar for massehandtering, inkludert deponi og logistikk. Massehandtering er ein kritisk faktor som vil påverke framdrifta og kostnadene i prosjektet. Samstundes er desse massane ein potensiell ressurs for omkringliggande område. Det er derfor naturleg at prosjektet klarlegg moglegheitene for handtering og bruk av massar i dialog med kommunane og næringslivet.
Prosjektet vil òg kunne generere betydelege aktivitetar lokalt. Ut frå kva eg har blitt fortalt er både prosjektet og kommunane opptatt av at dei skal vere godt orientert om moglegheitene i leverandørmarknaden. Tildeling av kontraktar må på vanleg måte følgje føresegnene i anskaffingsregelverket.