Liv Signe Navarsete (Sp): Kva krav frå Forsvaret utløyser ei slik oppbemanning på Evenes, korleis skal Avinor finne inndekning og kva er kostnaden for oppbemanning, utviding av maskinpark og eventuelle bygningsmessige utvidingar av brøyte og plasstenesta som følgje av Forsvarets etablering på Evenes lufthamn?
Begrunnelse
Nettstaden iHarstad.no skriv 16.06.21 at Avinor må doble tal tilsette på flyplassen (Evenes) for å handtere krava til Forsvaret. Spørsmål kring baneavising, bruk av sand, val av kjemikaliar, korrosjon på flyskrog og konsekvensar for RAMSAR har vore stilt ei rekke gonger utan at dei er tilstrekkeleg svara ut. Det er viktig at ein er open om kostnader og konsekvensar knytta til Forsvaret si etablering på Evenes og at desse vert gjort kjent.