Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2498 (2020-2021)
Innlevert: 17.06.2021
Sendt: 18.06.2021
Besvart: 24.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Biogassbransjen er en av fremtidens grønne næringer i Norge. Stortingets vedtak om at el, hydrogen og biogass skal behandles likeverdig er viktig for utviklingen. Biogassbransjen er bekymret for hvilke klima-teknologier som favoriseres i EUs pågående arbeid med regelverk, og særlig i taksonomien.
Hva gjør regjeringen for å sikre at biogass likestilles med el og hydrogen i EUs lover og regler slik at det blir samsvar mellom ønske om økt produksjon av biogass og et velfungerende marked for bruk av biogass og spesielt for transport?

Begrunnelse

Parallelt med norske rammevilkår vil næringen påvirkes av hvilke rammevilkår som gjelder i EU.
EU har i «Green deal» lagt til rette for økt produksjon av biogass. Men samtidig foregår det flere prosesser knyttet til taksonomien, REDII og revidering av kvotesystemet (ETS). Hvilken politikk EU lander på i disse prosessene er ennå ikke klart, men den vil påvirke biogassbransjen i Norge.
Slik det ser ut nå vil biogass tape mot el og hydrogen. I Sverige har denne situasjonen ført til protester og 60 biogassprodusenter har sendt et brev til sine sentrale politikere der bekymringen tas opp.
https://www.avfallsverige.se/aktuellt/nyhetsarkiv/artikel/biogasuppror/
Det er viktig at Norge samarbeider med de andre nordiske land som er medlem av EU for å få rammevilkår for å utvikle en grønn og bærekraftig biogassbransje og spesielt for transportsektoren.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: EU sitt klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, den såkalla taksonomien, kan bli eit viktig verktøy for å kanalisere kapital til grøne løysingar. Taksonomien er ikkje ei liste over aktivitetar eller føretak investorar kan investere i, men har som formål å etablere ei felleseuropeisk forståing av kva aktivitetar og investeringar som kan reknast som berekraftige i tråd med EUs langsiktige klima- og miljømål. Felleseuropeiske kriterium skal gjere det lettare å samanlikne investeringsmoglegheiter på tvers av land og sektorar og bidra til å redusere såkalla grønvasking. Taksonomiforordninga som etablerer rammeverket for systemet er EØS-relevant, men er ennå ikkje tatt inn i EØS-avtalen. Finansdepartementet har nyleg fremja ein lovproposisjon for Stortinget om gjennomføring av forordninga i norsk rett.
Forordninga gir Europakommisjonen heimel til å fastsette såkalla delegerte rettsakter mednærmare reglar om kva for aktivitetar som kan definerast som miljømessig berekraftige. Store føretak skal etter taksonomiforordninga inkludere informasjon om i kor stor grad verksemda til føretaket har tilknyting til berekraftige økonomiske aktivitetar, slik dei er definerte i taksonomien. Dei skal mellom anna rapportere om delen av omsetninga, investeringane og driftsutgiftene til føretaket som er i tråd med kriteria i taksonomien.
Regjeringa støttar EU sitt arbeid med berekraftig finans, irekna utviklinga av taksonomien, og følgjer arbeidet til EU tett. Europakommisjonen sendte i november 2020 eit utkast til eit første kriteriesett til taksonomien på høyring. Regjeringa oppfordra norske aktørar til å gi innspel til Kommisjonen og å gjere regjeringa oppmerksam på forhold av særleg betydning for norske interesser. l høyringssvaret regjeringa sendte til Kommisjonen om det fyrste kriteriesettet, er regjeringa tydeleg på at kriteria må vere ambisiøse og godt funderte. Samstundes meiner regjeringa det er viktig at taksonomien har ei teknologinøytral tilnærming. Kommisjonen har nyleg vedtatt ei delegert forordning om det fyrste settet med kriterium.
Regjeringa fremjar produksjon og bruk av biogass gjennom dei ulike verkemidla i klimapolitikken, slik som CO2-avgifta, stønadsordningar og krav. Dette er nærmare omtalt i Meld. St. 13 (2020-2021). Taksonomien kjem i tillegg, og kan bidra til å kanalisere kapital til investeringar i biogass. Eg forstår intensjonen bak spørsmålet til representanten slik at ho ønsker å sikra eit velfungerande marknad for bruk av biogass. Biogass er ein europeisk handelsvare og felleseuropeiske definisjonar av berekraftige investeringar bidreg til likare konkurransevilkår mellom landa.
Produksjon av biogass til transportformål og bruk av biogass til produksjon av kraft og varme er omfatta av taksonomien. Det vil seie at dette kan reknast som berekraftige økonomiske aktivitetar, gitt at råstoffet og produksjonen oppfyller visse miljøkrav. Mellom anna er det krav om ein monaleg utsleppsreduksjon samanlikna med bruk av fossile brensel eller fossilt drivstoff. Det er ein føresetnad at råstoff (inkludert restar og avfall) frå jordbruk og skogbruk oppfyller berekraftskriteria i fornybardirektivet. I tillegg er det eigne kriterium for biogass som er produsert frå bio-avfall og avløpsslam. Når det gjeld køyretøy og båtar, fremjar taksonomien primært investeringar i nullutsleppskøyretøy, det vil seie køyretøy som ikkje har CO2-utslepp i bruksfasen. Biogass medfører utslepp som bidrar til lokal luftforureining. I tillegg blir biogass brukt i dei same køyretøya som fossil gass, og slike køyretøy reknast ikkje som berekraftige i taksonomien. Departementet har fått vedtak 1007 om uttrykket "nullutslepp" og biogass (Dokument 8:231 S (2020-2021), Innst. 468 S (2020-2021) til behandling og vil rapportere tilbake til Stortinget på vanleg måte.
Til slutt vil eg seie at regjeringa følgjer regelverksutviklinga i EU tett og gir innspel til Kommisjonens arbeid for å vareta norske interesser, bl.a. gjennom medlemslanda si ekspertgruppe for berekraftig finans («Member States Expert Group on Sustainable Finance», MSEG), der Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet deltek.