Skriftlig spørsmål fra Hanne Dyveke Søttar (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2483 (2020-2021)
Innlevert: 16.06.2021
Sendt: 17.06.2021
Besvart: 24.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Hanne Dyveke Søttar (FrP)

Spørsmål

Hanne Dyveke Søttar (FrP): Stortinget har vedtatt 10 prosent skogvern, i Norge. Veldig mye av dette er tatt ut på Helgeland i Nordland, der Statskog er en stor eier. Miljødirektoratet har nå lagt frem en rapport
«Skog- og verneverdier i områder aktuelle for vern på Statskog SF sin grunn på Helgeland». Her skulle det gjøres en konsekvensanalyse for skognæringsaktørene, men disse er IKKE spurt. Det allerede enorme vernet på Helgeland truer næringslivet.
Hvordan kan man gjennomføre en konsekvensanalyse for aktørene, når man faktisk IKKE forespør info fra disse, mener statsråden at vern er viktigere enn arbeidsplasser, og vil Stortinget bli forelagt de nye verneplanene?

Begrunnelse

Vern på Statskogs arealer i de fire kommunene Hemnes, Vefsn, Grane og Hattfjelldal er på 22%(2016). Samlet privat og Statskog er på 11 %, som også er over 10 %-målet.
Siden 1965 har det vært gjennomført flere vernerunder på Helgeland, store arealer ble vernet før 2005. Nye områder ble vernet med utvidelse av Børgefjell nasjonalpark i 2007, Holmvassdalen i 2010 og opprettelsen av Lomsdal-Visten Nasjonalpark i 2011. I 2011 ble 12 skogområder på Helgeland vernet, og i november 2017 ble 10 av14 båndlagte skogområder i Vefsn, Grane og Hattfjelldal vernet.
I april 2018 ble 46 nye områder og 120 000 daa produktiv skog i Norge foreslått vernet på Statskogs grunn. Hele 38 av områdene er i Nordland, til sammen utgjør dette 99 000 dekar produktiv skog. Av disse er 33 områder i kommunene Grane, Vefsn, Hattfjelldal, Rana og Hemnes, og utgjør totalt 90 000 dekar produktiv skog.
Til sammen utgjør det vernede og foreløpig båndlagte arealet på Statskogs grunn på Helgeland nå over 332 089 dekar. Dette utgjør ca. 22 % av det produktive skog-arealet til Statskog. I sammendraget i rapporten står det:

«Miljødirektoratet bes fremskaffe data slik at man har et godt grunnlag for å vurdere vernekvalitetene og konsekvensene for skognæringen generelt og bedriften Arbor Hattfjelldal spesielt.»

Og, under bakgrunn:

«bør foretas en foreløpig avveining av verneverdier opp mot næringsinteresser før man tar stilling til hvilke skogområder som sendes på høring.»

og

«Med bakgrunn i naturfaglige og skogfaglige analyser er det videre gjort en foreløpig avveining mellom næringsinteresser og verneverdier. Formålet med denne avveiningen er å vurdere om det er områder som bør tas ut før høring av hensyn til skognæringen.»

Arbor har så langt i år opplevd en halvering av virkestilgangen, uten at dette tillegges verdi. I følge næringen er trolig ikke tømmeromsetningsleddet heller forspurt om informasjon. De siste konsekvensanalysene av verneprosesser for natur, næringsliv, økonomi og samfunn er fra 2009, altså over ti år gamle. Det forventes derfor at en konsekvensanalyse tar for seg fakta, snakker med aktørene, og ikke blir gjennomført «bak skrivebordet».

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eit viktig grunnlag for arbeidet med skogvern på Statskog SFs areal er Stortingets oppmodingsvedtak 3. desember 2015, som lyder:

"Stortinget ber regjeringen sørge for en gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeiendommer for verneverdig skog, og legge til rette for at verneverdig skog i deres eie kan vernes etter naturmangfoldloven."

Klima- og miljødepartementet bad i brev 9. mai 2016 Miljødirektoratet følgje opp Stortingets vedtak, med utgangspunkt i samarbeidet mellom Miljødirektoratet og Statskog SF om skogvernarbeidet. Miljødirektoratet har følgd opp dette med nye kartleggingar på Statskog SFs areal, først i Sør-Noreg og Trøndelag og deretter i Nordland.
I samband med kartleggingane i Nordland var det merksemd mellom anna om mogelege konsekvensar av auka skogvern for verksemda Arbor Hattfjelldal. Klima- og miljødepartementet bad difor i brev 1. april 2019 Miljødirektoratet sikre at det i den vidare prosessen blir skaffa data som utgjer eit godt grunnlag for å vurdere både vernekvalitetane og konsekvensar vern har for skognæringa og Arbor Hattfjelldal.
Dette har NIBIO no utgreidd i rapporten "Områder foreslått for vern på Helgeland - Skogressurser og konsekvenser for lokal virkestilgang". I rapporten har NIBIO mellom anna estimert at forslaga til verneområde vil redusere det samla tilgjengelege tømmervolumet i dei aktuelle kommunane på Helgeland med om lag 2 prosent.
I tillegg har Miljødirektoratet samanstilt skog- og verneverdiar i rapporten "Skog- og verneverdier i områder aktuelle for vern på Statskog SF sin grunn på Helgeland". I denne rapporten inngår opplysningane og vurderingane frå NIBIOs rapport. Dei to rapportane er eit viktig grunnlag for den komande høyringa. Rapportane sikrar at det no føreligg langt meir detaljerte data og analysar enn det som er vanleg i andre skogvernprosessar.
Eg understrekar at det særleg er i den komande høyringa ein legg opp til at alle som ønskjer det kan kome med opplysningar og innspel som kan belyse saka.
Det har likevel allereie før høyringa vore omfattande dialog med viktige partar i saka. Det har mellom anna vore møter mellom Miljødirektoratet, aktuelle kommunar, fylkeskommunen, Statskog og Statsforvaltaren. Statsforvaltaren har etablert ei referansegruppe med deltaking frå Statskog SF, Hemnes kommune, Grane kommune, Naturvernforbundet, Skognærings-forum Nordland, Nordland reindriftssamer og Nordland Fylkeskommune. Det har vore tre møter med referansegruppa. Miljødirektoratet har deltatt med faglege innlegg på desse møta, og NIBIO deltok på eit møte. Statsforvaltaren har og gjennomført synfaring der referanse-gruppa er invitert, og synfaringar med reinbeitedistrikta. Statsforvaltaren har i tillegg hatt opne annonserte kontordagar i kvar av dei aktuelle kommunane, gjennomført opne annonserte synfaringar og det er gjennomført oppstartsmøte der aktuelle kommunar, Statskog SF og Nordland fylkeskommune var invitert.
Dåverande statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet besøkte i mai 2019 verksemda Arbor Hattfjelldal saman med mellom andre ordføraren i Hattfjelldal, ordførarar i nabokommunar samt stortingsrepresentantar frå Nordland, deriblant representanten Søttar.
Representanten Søttar grunngir sitt spørsmål mellom anna slik:

"I april 2018 ble 46 nye områder og 120 000 daa produktiv skog i Norge foreslått vernet på Statskogs grunn. Hele 38 av områdene er i Nordland, til sammen utgjør dette 99 000 dekar produktiv skog. Av disse er 33 områder i kommunene Grane, Vefsn, Hattfjelldal, Rana og Hemnes, og utgjør totalt 90 000 dekar produktiv skog."

Det stemmer ikkje at dette var skog som var føreslått verna. Dette var derimot skog som skulle kartleggast for å avklare verneverdiane. Det stemmer heller ikkje at arealet i Nordland utgjorde 99 000 dekar produktiv skog. Totalarealet for område som vart kartlagt i Nordland var om lag 83 900 dekar, men dette omfattar også uproduktiv skog, fjell, myr og vatn. Det produktive skogarealet som vart kartlagt i Nordland var altså betydeleg lågare enn det representanten nemner. Det same gjeld for arealet på 90 000 dekar produktiv skog som representanten Søttar viser til for fem kommunar på Helgeland. I tillegg gjaldt også dette areal som skulle kartleggast, ikkje areal som var føreslått verna.
Når det gjeld omfang vil eg vise til at det etter kartlegginga er tatt ut mange område og betydeleg areal, slik at det nå står att 19 område i verneprosessen. Ifølgje NIBIOs rapport tabell 1 utgjer dei 19 områda om lag 50,7 km2 totalt, og der om lag 28.6 km2 er produktiv skog. Desse areala omfattar mellom anna skog som venteleg vil inngå i nye nøkkelbiotopar og skogareal som ikkje er lønsamt å drive, og som følgjeleg ikkje er forventa å bli hogd.
Neste viktige steg i verneprosessen er å sende verneforslaget på alminneleg høyring. Då kan alle partar kome med opplysningar, innspel og synspunkt. Statsforvaltaren planlegg i samband med høyringsprosessen også å involvere aktuelle partar på andre måtar.
Etter høyringa vil Statsforvaltaren samanfatte og vurdere alle høyringsinnspel, og sende si tilråding til Miljødirektoratet. Direktoratet vurderer saka og gir si tilråding til Klima- og miljødepartementet. Klima- og miljødepartementet vil deretter grundig vurdere verneforslaget, i dialog med andre relevante departement. Verneverdiane vurderast opp mot andre viktige samfunnsinteresser, deriblant omsyn til arbeidsplassar og næringsliv. Etter grundig handsaming i departementa er det Kongen i statsråd som treffer vedtak om vern.