Skriftlig spørsmål fra Kari Henriksen (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2466 (2020-2021)
Innlevert: 14.06.2021
Sendt: 15.06.2021
Besvart: 23.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Kari Henriksen (A)

Spørsmål

Kari Henriksen (A): Hva er status for oppfølging av Stortingets vedtak om sjølaksefisket 26. mai, om at regjeringen bes foreta en ny vurdering av forbudet mot sjølaksefiske på Sørlandet og vurdere søknader om dispensasjon slik at fiskerne det gjelder kan fiske også i årets sjølaksefiske?

Begrunnelse

Det vises til Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen og Forskrift om anadrome laksefisk i vassdrag. Det vises videre til følgende stortingsvedtak 26. mai:

«Stortinget ber regjeringen foreta en ny vurdering av innstrammingene slik de er foreslått om hvordan de vil virke konkret for sjølaksefiskerne på Sørlandet. Stortinget ber videre regjeringen om å foreta lempelige vurderinger av søknader om dispensasjon for fiskerne som mister en stor del av sin inntekt uten andre muligheter.»

Når Stortinget har bedt regjeringen foreta en ny vurdering, er det min forståelse at det må åpnes for sjølaksefiske også i år, etter de samme regler og tider som for 2020, i de kystregionene som ikke er godt nok vurdert verken etter Utredningsinstruksen eller Naturmangfoldloven. Det gjelder spesielt Sørlandet. Jeg kan ikke se at det er foretatt en egen vurdering av kystregionene Østlandet, Agder eller Jæren. Samtidig er alle lakseelvene i hele Sør-Norge åpne, og forvaltningsmålene er nådd.
Jeg får også henvendelser fra mange fiskere som har søkt om dispensasjon uten å få svar og viser her til forskriftens § 5 som åpner for dette og til forvaltningslovens paragrafer om saksbehandling i enkeltsaker, der søker har krav på en raskest mulig behandling.
Det er nå gått tre uker siden Stortingets vedtak, og det er en uke igjen til sjølaksefisket kan starte. Det tar tid å planlegge sjølaksefisket og gi fiskerne på Sørlandet trygghet for inntekts sommer.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Stortinget fatta 25. mai tre vedtak som vedkjem reguleringa av sjølaksefisket. I tillegg til vedtaket som representanten viser til, bestemde Stortinget også å be regjeringa om å tillate fiske med krokgarn i Finnmark i 2021, og å foreta og leggje fram for Stortinget ei evaluering av status for små og store bestandar av villaks. Vi har allereie opna for fiske med krokgarn i Finnmark i 2021, og vil til hausten foreta ei evaluering av små og sårbare bestandar i tråd med vedtaket.
Dette vedtaket reiser nokre vanskelege problemstillingar, mellom anna knytt til heimelsgrunnlaget. Departementet har drøfta desse problemstillingane med Justisdepartementet si lovavdeling, og vurderer no korleis vedtaket om reguleringane på Sørlandet kan bli gjennomført.
I grunngjevinga for spørsmålet, hevdar representanten at det ikkje er gjort noko sjølvstendig vurdering av fiskebestandane i kystregionane på Sør- og Austlandet, og at reguleringa av fisket dermed ikkje er riktig i desse områda. Det er eg ueinig i. I rapporten "Råd om beskatning av laks i sjølaksefiske" (2020) gir Vitskapeleg råd for lakseforvalting (VRL) ein oversikt over kor mange små og sårbare bestandar og bestandar under reetablering, som inngår i sjølaksefisket i dei ulike kystregionane. Sidan det er høg risiko for overutnytting av små og sårbare bestandar i alle kystregionane, ga VRL det same rådet for alle desse regionane: at ein burde vurdere å ikkje opne for fiske. Sjølv om det ikkje er gitt separate råd for utnytting for kvar kystregion, tyder ikkje det at det ikkje er innhenta kunnskap om fisken og fisket i kvar region. Til dømes gjer VRL sin rapport framstillingar av korleis fisket er samansett i dei ulike kystregionane.
I regionen Agderkysten inngår 15 små og sårbare bestandar, og bestandar frå to kalkingsvassdrag. Det er anslått å være 98,4 % risiko for overutnytting av desse bestandane ved fiske på Agderkysten. Kystregionane Jæren og Østlandet har òg innslag av små og sårbare bestandar og det er også svært høg risiko for overutnytting av desse. I rapporten er det og rekna ut kor stor del av fangsten desse bestandskategoriane utgjer i kvar kystregion.
Eg har stor forståing for at sjølaksefiskarane på Sørlandet vil ha eit raskt svar på om dei kan fiske kommande sesong. Klima- og miljødepartementet vil kome tilbake med eit slikt svar så snart vi har fått klarheit i dei rettslege spørsmåla knytt til gjennomføringa av vedtaket.