Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2417 (2020-2021)
Innlevert: 10.06.2021
Sendt: 10.06.2021
Besvart: 18.06.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er det rett at Forsvaret strammar inn regelverket for landbrukspermisjon i år, kven har eventuelt gjort vedtaket og kjem statsråden til å gjere det om, gitt den kritiske situasjonen for innhaustinga i landbruket i år?

Begrunnelse

Viser til at representanten er kontakta av ein bonde i Gloppen som er fortvila over at dottera har fått avslag på landbrukspermisjon frå fyrstegongstenesta. Avslaget er gitt på bakgrunn av at Forsvaret skal stramme inn permisjonsreglane. Dei som kjem frå ein gard har alltid hatt høve til å søke permisjon for å kunne hjelpe til ved kritiske situasjonar. Slik tilstanden er i landbruket spesielt i år er dette svært underleg. Det er vanskeleg å få tak i arbeidskraft i landbruket i år og tilgangen på sesongarbeidarar er redusert. Mange bønder er i ein kritisk situasjon og fryktar for avlingane sine og at dei ikkje vil klare innhaustinga.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 10. juni 2021, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om det er rett at Forsvaret strammar inn regelverket for landbrukspermisjon i år, kven som eventuelt har gjort vedtaket og om statsråden kjem til å gjere det om gitt den kritiske situasjonen for innhaustinga i landbruket i år.
Det er ikkje riktig at Forsvaret strammar inn regelverket for landbrukspermisjon. Det vert gitt velferdspermisjon for arbeid i jordbruket ved kritisk mangel på arbeidshjelp på egen gard, eller foreldrenes gard dersom søkjaren kan bevise at han eller ho hjelpar til der kvart år, eller det ikkje kan skaffas kommunal eller annan arbeidshjelp. Det er den aktuelle avdelinga som gjer vedtak om godkjenning av landbrukspermisjon.
Når det gjeld den konkrete saka er den handtert i Forsvaret i tråd med gjeldande reglar, og permisjon vart innvilga.