Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2398 (2020-2021)
Innlevert: 08.06.2021
Sendt: 08.06.2021
Besvart: 16.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): Jeløya er med sin kyst og sine strender en naturperle i Østfold som er truet både av plastforurensing og av stillhavsøstersen som har etablert seg der og fortrenger den lokale naturen.
Hva vil statsråden foreta seg for å rydde opp og forhindre ny forurensing, vil statsråden for eksempel vurdere en egen miljøplan med statlige bidrag for å ta vare på kystområder som Jeløya mot forsøpling og forurensing, med eksempelvis tilskudd til strandrydding?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er einig i at både plastforureining og stillehavsøsters er ein trussel mot kystnaturen vår, både på Jeløya så vel som heile Oslofjorden. Plastforureining er eit problem overalt i verdas hav og kyst som må løysast både med lokale, nasjonale, og internasjonale tiltak. Eg er glad for å kunne seie at vi no i dei aller nærmaste vekene vil leggje fram regjeringa sin nye plaststrategi. Der vil vi gjere greie for heile bredda i det Noreg gjer for å redusere miljøproblema frå heile plasten si verdikjede. Vi beskriv det meste frå forbod og andre tiltak mot eingongsartiklar av plast, tiltak for auka utnytting av ressursar i avfallet, tiltak mot forsøpling frå alle sektorar, medrekna fiskeri og akvakultur, tiltak for opprydding og Noreg si pådrivarrolle for ei global avtale mot plastforureining. Vi beskriv òg tilskotsordninga til rydding av marin forsøpling, som regjeringa har oppretta.
I tillegg vil eg peike på den heilskaplege planen for Oslofjorden, som regjeringa nyleg la fram. Tiltak mot forureining, og behovet for bidrag frå alle relevante sektorar, er ein viktig del av denne planen. Oppfølging av planen er viktig, og eg vil bidra til at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Det er eit problem i dag at miljøverdiar i fjorden er trua. Eg vil difor legge til rette for at Oslofjorden skal få god miljøtilstand og vere attraktiv for friluftslivet, slik at enda fleire får gode opplevingar knytt til fjorden. Planen viser regjeringa sine viktigaste prioriteringar for Oslofjorden framover, i fyrste omgang fram mot 2026. Felles innsats på tvers av sektorar ligg til grunn for planen. Til saman 63 tiltakspunkt skal oppfyllast av ulike ansvarlege styresmakter i åra framover. For å sikre god lokal- og regionalpolitisk forankring og framdrift vil eit Oslofjordråd etablerast.
Eg vil òg vise til mitt svar av 9. juni 2021 på skriftleg spørsmål nr. 2348 om vass- og avløpsgebyr rundt Oslofjorden frå stortingsrepresentant Ole Andre Myhrvold. Her viser eg til at det står dårleg til med miljøtilstanden i Oslofjorden mange plasser, og at det er naudsynt med tiltak frå fleire ulike sektorar for å nå krav om god miljøstand i vassforskrifta. Det er blant anna peikt på behov for å redusere tilførsel av organisk materiale og næringssalt til fjorden frå kommunalt avløp og avløp frå spreidde busetnader. Klimaendringane aukar avrenning frå land, og tiltak i landbruket er òg nødvendig. Både staten og kommunane har gode verkemiddel som må brukast for å betre miljøtilstanden i Oslofjorden.