Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2305 (2020-2021)
Innlevert: 28.05.2021
Sendt: 28.05.2021
Besvart: 08.06.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til mitt tidlegare spørsmål (Dok. 15:1748 (2020-2021)) om fisjonerte føretak som ikkje blir omfatta av tilskotsordninga. I svar 7. april svarar statsråden at ho er einig i at det synest strengt at ein fisjon som er forretningsmessig begrunna skal vere grunn nok til å avskjere eit føretak frå tilskotsordninga når vilkåra elles er oppfylte. Statsråden varslar vidare at departementet er i gong med å vurdere om det er mogleg å gjere endringar i dette regelverket.
Kan statsråden orientere om status for desse regelverksendringane?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Departementet har vedtatt enkelte endringar i fisjonsreglane i tilskotsordninga. Desse endringane vil gjelde attende i tid, frå september 2020. Samstundes er frist for søknader utvida for dei første tilskotsperiodane. Dermed vil føretak som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga, no kunne søkje.
Premissen for å få støtte etter tilskotsordninga er framleis at føretaket har hatt eit fall i omsetnad frå ein samanlikningsperiode før pandemien sette inn til tilskotsperioden. Skjeringstidspunktet for når gjennomført fisjon medfører at ein ikkje er omfatta, er flytta to månader, frå 1. januar 2020 til 1. mars 2020.
Ein kan likevel ha fisjonert seinare enn 1. mars 2020 utan at ein fell ut av ordninga. I det førre svaret vart det informert om regelen om konserninterne fisjonar: Dersom konsernet vel å søkje samla for den norske delen av konsernet, kan konsernet søkje sjølv om konsernselskapa har vore involvert i konserninterne fisjoner 1. mars 2020 eller seinare. Denne regelen som så langt har vore ei avklaring stadfest av Brønnøysundregistera, er no tatt inn i forskrifta. I tillegg er det tatt inn to nye unntak frå regelen om at ein ikkje kan ha fisjonert etter 1. mars 2020.
For det fyrste gjeld regelen ikkje dersom overtakar i fisjonen berre tok over ei fisjonsfordring eller finansielle eigedelar.
For det andre, dersom eigarandelane er identisk hjå overdragar før fisjonen og på tidspunktet for søknad og hjå overtakar på tidspunktet for søknad, då kan overdragar og overtakar i fisjon søkje om tilskot samla som om dei var eitt føretak. I så fall skal dei følgje reglane for samla konsernsøknad.
Føretak som har fisjonert i perioden 1. januar til 29. februar 2020 skal bruke omsetnaden etter fisjon i denne perioden som grunnlag for utrekning av fallet i omsetnad, så framt dei ikkje er omfatta av dei tre tilfella omtalt ovanfor. Det medfører at dei som fisjonerte tidleg i denne perioden vil kunne ha ei relevant omsetnad i samanlikningsperioden, medan dei som fisjonerte tett opp mot 1. mars 2020, i mindre grad vil ha nokon særleg omsetnad i samanlikningsperioden.
Alt i alt er dette etter mi vurdering ei monaleg endring som gjer at føretak som har ein relevant samanlikningsperiode, kan søkje om tilskot trass i at dei har fisjonert etter 1. januar 2020 som har vore skjeringstidspunktet så langt. Endringane i forskrifta som det er vist til, er no kunngjorte.